Utfordrar bonden

Debatt 2019

torsdag 29. august 2019

Leiarane for dei to bondelagsorganisasjonane i Noreg møtest til duell for fyrste gong. I tillegg blir det heit debatt om bondens rolle i klimakrisa i Møt Landbruket-teltet.

Nationen arrangerer to av debattene i teltet i år: «Den store bondeduellen» og «Er bonden ei klimasinke?».

I den store bondeduellen møtast Kjersti Hoff i Norsk Bonde- og småbrukarlag og Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag til duell for aller fyrste gong.

-Eg har jobba i Nationen i 25 år og kan ikkje hugse at bondelagsleiaren og småbrukarlagsleiaren har møttest til debatt nokon gong, så det ser eg fram til, seier Kato Nykvist. Han er politisk redaktør i Nationen og trur det blir artig å sjå korleis leiarane sjølv diskuterer forskjellen på organisasjonane og kven som har dei beste løysingane for framtida. -Eg kjem til å spørje om nokre konkrete utfordringar, til dømes dyrevelferd og klima, seier Nykvist.

Treng vi to organisasjonar?

Han fortel at Småbrukarlaget og Bondelaget har stått skulder til skulder, i alle fall tilsynelatande, i jordbruksforhandlingane dei siste åra. Dei brukar ofte same retorikk og leverer felles krav. Begge har også skrive under dei siste oppgjera.  -Difor kjem tusenkroner spørsmålet til slutt: Treng vi eigentleg begge organisasjonane eller hadde det vore meir hensiktsmessig om dei slo seg saman til ein stor, meir slagkraftig organisasjon? Nykvist håper det kjem både bondleagsfolk og småbrukarfolk, slik at diskusjonen kan fortsett utover kvelden.

Er bonden ei klimasinke?

Klima er eit sjølvsagt tema som vart ytterlegare aktualisert i sommar, då FN’s klimapanel la fram si klimarapport. -Bodskapen i rapporten er at matproduksjon må leggast om ganske kraftig. Det vert også snakka om at vi må ete mindre kjøt, seier Nykvist. Akkurat det har jo vore eit stridsspørsmål i norsk landbruk ei stund. Bondelagsorganisasjonane har meint at Noreg er eit spesielt land, som er særleg godt egna for kjøtproduksjon. -Dei har sagt det gir lite meining å redusere produksjonen av kjøt i Noreg når ein ikkje kan dyrke noko anna. Nykvist fortel at bøndene har vore mot dei tiltaka miljø-rørsla har peika på som nødvendige, mellom anne tiltak for å reduserer kjøtforbruket og forbod mot å dyrke opp myr. -Då blir spørsmålet om bonden er eit offer for klimaendringane eller ein syndebukk, seier Nykvist.

Kunnskapsrikt panel

Debattleiaren er nøgd med panelet og har tru på at det skal bli god temperatur i teltet. Han seier Anja Bakken Riise frå FRemtiden i våre hender er ein dyktig debattant og har mykje kunnskap om kva vi bør gjere med norsk matproduksjon for å nå klimamåla. -Det blir interessant å sjå korleis Bjørn Gimmin, klimaansvarleg i Norges Bondelag, forsvarer det som kan oppfattast som den litt sidrumpa posisjon til landbruket i klimadebatten, seier Nykvist. Harald Mosvik, bonde og landbrukspolitisk talsperson i Miljøpartiet Dei Grøne, kjem også. -Vi får dessutan med oss mjølkeprodusent Knut Vasdal frå Skien. Han har gjort mykje for å redusere klimagassutsleppa frå eigen verksemd, og det får vi høyre meir om, seier Nykvist. Han gler seg til heite debattar.

Møt landbruket

  • Under paraplyen Møt landbruket skal både innvigde og uinnvigde få betre kjennskap til landbruket
  • Det blir arrangert debattar, faglege foredrag, informasjon og demonstrasjonar
  • Den landbruksfaglege satsinga skjer på to ulike arenaer: Husdyrhallen og Møt Landbruket-teltet

Program Møt Landbruket-teltet Dyrsku'n 2019