Dyrsku'n meir mangfaldig enn nokon gong

Glade matutstillere på Dyrsku'n

3. juni 2019

Eit særs variert og stort antal salsutstillarar ynskjer å stille ut på Dyrsku’n.

Tradisjon kombinert med innovasjon og ei blanding av store og små utstillarar frå heile landet kan vere noko av nøkkelen til at handelstradisjonen står seg sterkt på Dyrsku’n. 


Særstilling 

Om lag 750 utstillarar frå mange ulike bransjar får i år plass på Dyrsku’n. 

«Vi er i ei særstilling på Dyrsku’n. Utstillarane ynskjer seg tilbake år etter år, og mange nye vil inn. Med ei omsetjing blant utstillarane på om lag 500 millionar, er vi audmjuke og stolte over kor sterkt handelstradisjonen står på Dyrsku’n. Det store mangfaldet blant utstillarane kombinert med kultur og kunnskap gjer messa heilt unik», seier dagleg leiar Geir Helge Espedalen.  

Treng du ein ny traktor, gravemaskin, kniv, dyne, sportsutstyr eller bil er Dyrsku’n staden. Her får du tak i det aller meste og vi er opptatt av det skal vere slik, fortel utstillar-ansvarleg Annette Ajer. «Ein variasjon blant utstillarane er viktig for våre besøkande og heilt sentralt for korleis vi planlegg sals-utstillinga. Vårt mål er å lage ein marknad  med stor variasjon av kvalitetsutstillarar som er spennande for heile det store spekteret av vårt samansette publikum. Vi ynskjer også å vere ein arena både for dei store, dei små og for dei viktige gründerane. Mange har hatt sin spede start på Dyrsku’n og seinare vokse seg store og blitt etablerte, store firma. Det er viktig for oss både med tanke på ei variert utstilling og for å bidra til mangfald og innovasjon i bransjen». 

Og framleis kan du kjøpe deg ku i tradisjonell kremmarånd på Dyrsku’n når det på fredag blir arrangert auksjon av NRF-kviger frå GENO og kjøttfe med Tyr på laurdag. 

Lokalmat i vekst
På Dyrsku’n starta arbeidet med å legge til rette for ein arena for lokalmatprodusentar i 1998. Messa har vokse mykje sidan den gong, og lokalmatprodusentane har fått fleire arenaer enn Dyrsku’n å stille ut varene sine på. No finn du også mykje god lokalmat i daglegvarebutikkane og på andre messer. 

Det unike med lokalmatutstillinga på Dyrsku’n er i dag det store talet matprodusentar som ynskjer seg på plass på messa. Med over 100 matutstillarar kan ein vente seg mange spennande matopplevingar desse tre dagane. I tillegg er Dyrsku’n ein av dei få messene ein har kopla saman heile næringskjeda, og kan fylgje maten heile vegen frå jord til bord.  

Nytt av året er eit tett samarbeid med Visit Telemark som i år vil vere representert på Telemarkspaviljongen i Lokalmat-teltet. «Vi er svært glade for samarbeidet med Dyrsku’n på lokalmat.  På denne måten får vi i fellesskap vist frem alt det flotte fylket vårt har å by på til de mange besøkende som strømmer til fra hele landet», seier reiselivsdirektør i Visit Telemark Caroline Laurhammer.