Vaksinering av hest

Vaksinasjon av hest

onsdag 10. april 2019

Skal du stille hest på Dyrsku'n? Les dei nye reglane for vaksinering her.

Hesten må ha gyldig vaksine på utstillingsdagen. Vaksinasjons-papir (Pass eller vaksinasjonsattest) skal vere med hesten. Vi fylgjer Norsk Hestesenter sine retningsliner for vaksinasjon, trykk her for å sjå.

Grunnvaksine før 2018:
Gyldig grunnvaksine og revaksineringer jf. den tidas reglement frå Travselskapet eller Norsk Hestesenter.

Grunnvaksine etter 1.1.2018:
Frå og med 1. januar 2018 gjeld fylgjande retningsliner for forskriftsmessig vaksinering: 
(Dette har IKKJE tilbakeverkande kraft. Gjeld hestar født f.o.m. 01.01.2018, eller hestar som ikkje er ferdig grunnimmunisert før 01.01.2018. For hestar som må re-vaksinerast etter 01.01.2018, sjå punkt b.) 

a) Grunn-immunisering 
Alle hestar skal vere grunnimmunisert. 
Med grunn-immunisering meinast tre vaksinasjonar (A + B + C) etter følgande intervall: 
Vaksine A - kan gis hesten frå tre månaders alder. 
Vaksine B - minimum 21 dagar og maksimalt 92 dagar etter vaksine A. 
Vaksine C - minimum 150 dagar og maksimalt 215 dagar etter vaksine B. 

b) Re-vaksinering 
Alle hestar skal re-vaksinerast minimum kvar tolvte månad (365 dagar). Vert fristen for revaksinering med meir enn éin månad (31 dagar) overskrida, skal hesten igjen gjevast to vaksiner etter intervalla som angitt for vaksine A og B under punkt a). 

I samband med utstilling og hesteslepp i NHS regi vert det godtatt vaksine A+B eller 1 injeksjon i perioden 7-90 dagar før arrangementet. Det vert ikkje kravd vaksinasjon av føll ved fot.