Årets lokalmatgründer

Vinnar av Årets Lokalmatgründer 2019, Ostebygda

søndag 6. september 2020

Finalistane til Årets Lokalmatgründer 2020 er klare. Møt dei fire innovative gründerane.

OSTEBYGDA: Juryleiar Hilde Charlotte Solheim (f.v.) saman med ystarane i Ostebygda, som stakk av med tittelen "Årets Lokalmatgründer 2019", Bernt Bucher Johannessen frå Hanen og Einar Gundersen frå Meny under utdelinga på Dyrsku'n


Årets lokalmatgründer er ein pris for å gje gründerar som driv med lokalmat ei påskjøning og ei hylling. Dette er sjette gong prisen skal delast ut. Prisen blir gjeven til bedrifta som har vore best på innovasjon, nyskaping og lønnsemd. 

Det er næringsorganisasjonen Hanen, daglegvarehandelen Meny og Dyrsku'n som står bak kåringa. 

Hanen er næringsorganisasjonen for bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske. Dei jobbar for å fremje og sikre utviklinga av norsk mat og kulturarv. 

Nytt av året er at Dyrsku'n, representert av dagleg leiar Geir Helge Espedalen, nå er med i juryen. 

– Vi er svært glade for å vere med på Årets Lokalmatgründer. Denne prisen er med å skape merksemd og stoltheit blant norske lokalmatprodusentar og for Dyrsku'n er det sentralt å bidra til å fremje dette. Vi har stort fokus på dette også under Dyrsku'n, med eit stort mangfald av flotte lokalmatutstillarar som får profilere og selje sine produkt for eit stort publikum frå heile landet, seier Espedalen. 

Bernt Bucher Johannessen er dagleg leiar i Hanen og har drive med restaurant, servering og reiseliv i meir enn 20 år. Han har følgt utviklinga i norsk mat- og drikkeproduksjon tett i eit kvart århundre. Sjølv brukar han ordet revolusjon om det som har skjedd.

– Og det har ikkje kome av seg sjølv. Difor ynskjer vi å bidra til å forsterke denne utviklinga med å ha ein slik pris, seier han. 

Vinnarane blir offentleggjort 11. september.


Årets finalistar

HVASSER ASPARGES

  • Starta i 2012
  • Dyrkar lokal grøn og kvit asparges på øya Hvasser i Oslofjorden
  • Vert drive av brørne Freberg DA - Bernt, Anstein og Edvart
  • Leverer til Bama, MENY og lokale butikkar på Tjøme
  • Omsetnad i 2019: ca. 2 millionar
  • Les meir på www.hvasserasparges.no


DEN SORTE HAVRE

  • Starta i 2012
  • Driv på Tveter Gård i Våler
  • Vert drive av Johan Anstensrud og Ingunn Brustad Anstensrud
  • Dyrkar urkornet svarthavre
  • Foredlar råvarar til ferdig produkt på eigen gard
  • Leverer til MENY, Coop, SPAR, Joker-butikkar, spesialbutikkar, gardsutsal, Life-kjeden og britiske Marks & Spencer
  • Omsetnad i 2019: 5 millionar
  • Les meir på www.densortehavre.no


GRANSJØBERGET SÆTER OG VILTKJØKKEN

  • Starta i 2004
  • Viltkjøkkenet starta i 2018
  • Vert drive av Marianne Smitt-Amundsen Wimmer og Hans Wimmer
  • Eige pølsemakeri med sal av produkt
  • Utleie av Gransjøberget sæter med blant anna overnatting, selskap og jakt og fiske
  • Leverer til utvalde butikkar, serveringsstader og REKO-ringer
  • Omsetnad i 2019: 1,6 millionar
  • Les meir på www.gransjoberget.no


MIDSUMMER AS / MILJØGARTNERIET AS

  • Stifta i 2019 / Veksthus oppført i 2009
  • Sysselset i dag 1,5 årsverk i Stavanger / Held til i Kviamarka i Rogaland
  • Vert drive av Alex Bouché / Eigd av Kåre wiig og agurkprodusent Hallstein Aase
  • Produserer hot sauce og eksperimenterer med fermentering / 77.000 m2 med produksjon av tomatar, snacks-paprika og chili
  • Midsummers "flagship"-saus er i 300 norske butikkar
  • Nettbutikk som leverer til alle land / Energisamarbeid med nabobedrifta Tine Jæren
  • Omsetnad i 2019: 1,3 millionar / 75 millionar
  • Les meir på www.midsummerhotsauce.comhttp://miljogartneriet.no/hjem



Kva er Årets lokalmatgründer?

  • Konkurransen er ein gründerpris innan lokalmat
  • Prisen gis til den bedrifta som har vore best på innovasjon, nyskaping og lønnsemd
  • Hanen, Meny og Dyrsku'n står bak kåringa som skjer for sjette gong i 2020
  • Publikum har nominert favorittane sine, juryen har plukka ut fire finalistar som publikum så kan stemme på

Tidlegare vinnarar

  • 2015: Det Norske Vaffelstekeriet
  • 2016: Thorbjørnrud hotell og ysteri
  • 2017: Avdem gardsysteri og Avdembue
  • 2018: Røyland Gård
  • 2019: Ostebygda