Betre moglegheiter enn nokon gong

Geir Helge Espedalen, dagleg leiar på Dyrsku'n

torsdag 10. september 2020

Sjølv om koronapandemien bringar med seg ei rekke utfordringar for Dyrsku’n, trur dagleg leiar Geir Helge Espedalen at selskapet har betre moglegheiter enn nokon gong for å utvikle seg for framtida.


Foto: Bø Fotosenter/Ivar Mæland

Folk vil oppleve nærleik, dei vil oppleve det substansielle og rotekte. Dei vil søke røtene sine og dei norske tradisjonane, og difor trur eg vi har eit produkt som er meir aktuelt enn nokon gong, seier Geir Helge Espedalen, dagleg leiar i Dyrsku’n Arrangement AS. 


Innovasjon for framtida

Fram til mars i år var det store planar for både årets messe og for framtida. Faktisk var det innovasjon dei jobba aller mest med då pandemien kom. For korleis skal framtidas Dyrsku’n eigentleg sjå ut? 

Espedalen meiner selskapet har større moglegheiter enn nokon gong til å utvikle seg for framtida, at korona-situasjonen har vist tydeleg at selskapet jobbar med noko vi alle vil søke meir av i framtida: rotekte verdiar, tradisjonar og kunnskap. 

– Gitt den posisjonen vi har og kor tru vi er mot dei rotekte verdiane våre, ligg alt til rette for at vi skal fortsette å utvikle oss i tråd med det som skjer elles i samfunnet også i framtida, seier han. 

– Dyrsku’n er dessutan ei viktig motvekt til dei siste åras sentralisering fordi vi er med på å fremme det nære og tradisjonelle, og ikkje minst formidle kunnskap og vise kor viktig bygda er for Noreg, seier han. 


Kompensasjon frå staten

Avlysingane i år har enorme økonomiske konsekvensar for Dyrskuplassen, som reknar med eit tap på om lag 70 millionar kroner i inntekter. For sjølve Dyrsku’n er det snakk om tett opp mot 40 millionar kroner i inntekter. Gleda var difor stor då meldinga kom i midten av august om at regjeringa løyver 11,2 millionar kroner i kompensasjon. 

– Vi er svært tilfreds med støtte frå regjeringa og er glade for at vi no er betre rusta til å vidareutvikle Noregs viktigaste møteplass for mat og landbruk, seier Espedalen.

Han takkar regjeringa og alle andre som har bidrege til dette, og understrekar at sjølv om støtta ikkje er nok til å dekke underskotet Dyrsku’n får som følgje av nedstenginga, bidreg ho klart til å styrke Dyrsku’n framover.

 

– Dyrsku’n har vore ein sentral møteplass og utviklingsaktør i over 150 år, og vi er stolt over at regjeringa ynskjer å bidra til å styrke arbeidet vårt for dei komande åra. No gler vi oss til å fortsette planleggingsarbeidet, slik at vi kan halde fram med å skape utvikling gjennom møteplassen Dyrsku’n.  


Alt overskot til vidareutvikling 

Espedalen fortel at Dyrsku’n har ein forretningsmodell kor alt overskot i selskapet vert pløgd tilbake til vidareutvikling av arrangement og plassen. På denne måten sikrar dei ein kontinuerleg utviklingsprosess i arbeidet deira, noko som kjem alle besøkande på Dyrsku’n til gode. 

– Dyrsku’n har gjennom åra hatt tilfredsstillande resultat, noko som betyr at vi har hatt moglegheita til å vidareutvikle Dyrsku’n til Noregs viktigaste møteplass for mat og landbruk. Dette gler vi oss til å halde fram med i åra som kjem, seier han. 


Løftar heile regionen

Når det går bra med Dyrsku’n, gir det heile regionen eit lyft. Kvart år plar alt av hotell og campingplassar vere fullbooka under messeveka. Arrangementet genererer inntekter til lag og organisasjonar for drygt 10 millionar kroner årleg, mellom anna gjennom arbeid knytt til matutsal, parkering og ulike vaktordningar. 

– Det er ein vinn-vinn-situasjon, og vi er veldig glad for at det er så mykje som går tilbake til alle laga og organisasjonane som arbeider for oss under arrangementa, seier Espedalen. 

Nærare 90 000 besøker Dyrsku’n kvart år, og det blir omsett varer for 500 millionar kroner blant dei over 800 utstillarane. Det er ikkje for ingenting at Espedalen kallar sletta i Seljord for «Noregs største kjøpesenter» den andre helga i september kvart år.


Må planlegge for neste år

Han trur alle forstår at det å planlegge Noregs største handels- og landbruksmesse ikkje er gjort på eit par dagar.

– Og så er det klart at det er ei utfordring å samle så mange menneske på veldig kort tid. Det må vi ha med oss, og difor jobbar vi no med analysar av heile arrangementet for å finne dei rette tiltaka for å gjennomføre på ein forsvarleg måte. 

Heldigvis er det ikkje fyrste gong Dyrsku’n har tilpassa seg endringane i samfunnet, og utviklinga og veksten har vore formidabel. Sjølv om vi lever i ei uviss tid må vi no rette blikket framover mot Dyrsku’n i 2021.

Velkommen til Dyrsku’n og Seljord 10. – 12. september 2021!