Betyr mykje for identiteten

Aasmund Nordstoga er viss på at kyr betyr enormt mykje for landbruket og dyra i Noreg.

tirsdag 8. september 2020

Den andre helga i september skulle Aasmund Nordstoga vore på Dyrskuplassen. Men i år har han andre planar.


Småredd: Aasmund Nordstoga er for redd til å leie kyr på Husdyrutstillinga på Dyrsku’n sjølv, men er viss om at ho betyr enormt mykje for landbruket og dyra i Noreg.


Den andre helga i september skulle Aasmund Nordstoga (56) vore på Dyrskuplassen, slik han har vore dei fleste åra sidan han gjekk på ungdoms­skulen. For sjette året på rad skulle han leie opninga, men i år har han andre planar. 


På Vinjeflaten mellom Vinje og Vinjesvingen, rett ved E134, ligg Vinjestoga. Den typiske husmannsstoga på garden Plassen er barndomsheimen til diktar og journalist Aasmund Olavsson Vinje. No er det folkemusikar, gardbrukar og namnebror Aasmund Nordstoga og familien som driv garden, og i dag står kuslepp på programmet. Men kor er bonden sjølv?


Tid til overs


Dei 14 kyrne i fjoset helsar oss velkommen med høge raut, men det er ikkje eit menneske å sjå. Så får vi auge på nokon som gjerdar på den andre sida av den store grassletta, og etter ei stund kjem ein av dei mot oss. 

– Han Aasmund er oppe i skogen og fiksar nokre greier. Han kjem nok snart, seier ho, og presenterer seg som kona Ingvild. 

Kyrne rautar igjen. Tru om dei veit at dei snart skal få bykse ut av fjoset og «danse» i det grøne graset? Det er det Aasmund kallar det, så snart han har rusla ned frå skogen og henta ein ny rull med straumgjerdeband.

– Eg er ikkje nokon stor agronom, men eg er god til å dyrke gras, seier han og ser utover sletta. 

Han kjem rett frå ein mini-ferie på Sørlandet, etter at ein spelejobb var avlyst på grunn av korona. Det har vore litt slik denne våren og sommaren. 

– Vi fekk masse tid til overs, som vi ikkje bruker til anna enn å ha tid til overs. 



– Betre å vere gardbrukar


Odelsguten Aasmund møtte Ingvild Lilletvedt i 2004, og året etter fekk dei sitt første born. Da tok det ikkje lange tida før dei pakka alt dei eigde og flytta inn på familiegarden i Vinje. 

– Eg hugsar at eg tenkte dette fjoset her var tipptopp moderne, seier han. 

Han treivst lenge med å ha ting som dei var, men etter kvart vart han meir og meir lei det han kallar «eit brysamt fjos». I fjor påske sto det nye fjoset klart. Å flytte inn der var som sjølve joledagen for heile familien.

– Anten var det det, elles så var det å slutte, og det hadde eg jo ikkje noko lyst til, seier han. 

Faktisk synest han at gardbrukarlivet i Telemark blir berre betre og betre. 

– Dei som er aktive no, er veldig flinke. Dei er inspirerande folk å ha som kollegaer. 

– Kva blir dei flinkare til? 

– Alt! Generelt flinkare til alt, seier han. 


Viktig for avl og dyrevelferd


Aasmund meiner Dyrsku'n har vore – og framleis er – utruleg viktig for landbruket generelt, men trekk fram avl, dyrehelse og dyrevelferd spesielt. Han synest det blir meir og meir morosamt å følgje med på utviklinga etter kvart som dyra blir friskare, sjukdomane færre og både bønder og forbrukarar blir meir medvetne. 

– Husdyrutstillinga på Dyrsku'n har vore veldig viktig for at me skal ha augo for gode dyr, at me blir meir oppteke av korleis dyra har det, seier han. 

– Hadde det ikkje vore for at eg får heilt noia av å leie kyr, så hadde eg sikkert vore der og leid kyr sjølv. Men eg er for redd!

Ein gong Aasmund skulle leie ei ku oppe i Haukeli, vart han nemleg hengande etter kua i mange hundre meter. 

– Det sit framleis i. Eg vart jamt skeptisk til å nærhandsame dei slik.

 

Fordi han er «litt små-redd», som han kallar det, har han sjølv erfart nytta av å få hjelp av rådgjevarar til å plukke ut rett okse til rett ku.

 

– No har me jobba i mange, mange år med godt lynne, fordi eg er litt små-redd. Då er det viktig å ha litt snille dyr, og vi ser at det verkar. 



Kuslepp og konfirmasjon


I dag er det å fjernhandsame dyr som står på timeplanen. Det er den varmaste dagen i juni, sola steiker frå ein skyfri himmel, straumgjerdet er på plass, og kyrne skal ut på beite. Vi må berre prate litt meir om Dyrsku'n først. 

– Det er trist at det ikkje blir noko i år, trist for alle. Det heve store ringverknadar på heile regionen, ikkje minst økonomisk.  

– Dyrsku’n er noko Vest-Telemarkingane reknar som sin, og det er med på å skape eit fellesskap, ei lagånd. 

På lista over identitetsmarkørar for ein seljording, er det to ting som gjeld: Dyrsku'n og dialekta. Faktisk gjeld det heile regionen, meiner han.

– Alle blir seljordingar den helga. Dyrsku'n betyr mykje for identiteten.

– Så, kva skal du gjere den andre helga i september?

– Då blir det konfirmasjon her. Det var veldig lurt, for da kunne jo alle koma, seier han. 

Vinbyggen meiner det seier mykje om kor viktig handels- og landbruksmessa er for heile regionen. 

– Ingen her legg planar den helga. Då skal dei jo på Dyrsku'n.


 

Kjøpte traktor på impuls


Sjølv har han vore der i meir enn 40 år, fyrst som vanleg dyrsku-gjengar, og dei siste åra som konferansier. 

– Fyrste gongen var vel i 8. eller 9. klasse, så det er ei beite sidan, ja. 

Han understrekar at sjølv om det er mest arbeid dei seinare åra, er det veldig morosamt arbeid. Han likar folkelivet og er alltid på utkikk etter gode tilbod.  

– Og så er eg jamt nysgjerrig på kva som skjer av nye ting, utviklinga i landbruket. 

Aasmund rakk aldri å vere der som «berre» bonde, men han var der som landbruksskule-elev.

– Då eg var 17 år, i 1981, gjekk eg på Felleskjøpet og bestilte ny traktor, utan at far visste om det. Eg sa ingenting før eg var heime att med kontrakta, fortel han. 

– Eg var veldig flink til å løda ved den dagen, ler han.


– Ikkje gå på måfå


Sjølv ein erfaren dyrsku-gjengar som Aasmund kan bli overvelda av det yrande folkelivet og alle inntrykka. 

– Å gå på Dyrsku'n heilt på måfå er slitsamt. Då blir du heilt utsliten etter tre timar, seier han. 

Han synast det er mykje artigare å vere på Dyrsku'n når han har noko å gjere, eit oppdrag. 

– Du må ha noko å gjere, anten det er ein jobb eller berre noko du har lyst til å finne. Då blir alt anna òg meir morosamt. 

– På ungdomsskulen var det om å gjere å finne juggel-sjappane så fort som råd, og sukkerspinn, tivoli, krutpistol og krutlappar og kinaputtar. Alle kom dauve heim. 

Om han skulle vore der no som berre seg sjølv, heilt utan jobb og ansvar, ville han gitt seg sjølv to oppgåver:

– Eg hadde brukt meir tid og smaka på mykje meir i Matteltet, og så hadde eg sett meg borte på Sterke Nils-tunet og berre drukke kaffi.

I staden opnar han porten og slepp ut kyrne. Det lune smilet veks, og det er lett å sjå at bonden sjølv gjerne brukar tida han fekk til overs til å sjå glade kyr danse i gras og timotei.