Ei dronning og ein innovatør

Aslaug Moen og kyri Gullrei på jubileumsutstillinga i 1956

fredag 11. september 2020

Sjølvaste dronninga vert ho kalla, det vesle Telemarksfeet som er like heilag for Dyrsku'n som kua er for indarar. Og visste du at det var ein framsynt svenske som la
grunnlaget for det heile?

Den vesle og staselege Telemarkskua var i fokus då messa vart starta opp i 1856. Korleis kom det i stand? Og starta det i Seljord i det heile? Og korleis kunne ein svenske få så stor betyding for ein liten dal i øvre Telemark ? 

Svensken Johan Lindeqvist var ein av tre statsagronomar som arbeidde i Noreg rundt 1850. Han hadde ein spesiell forkjærleik for den vesle kua som hadde fantastiske gode eigenskapar for å beite mellom bakkar og berg i det brattlendte terrenget i Telemark. Han hadde late blikket sitt falle på Telemarksfeet og såg på storfeutstillingar som eit godt verkemiddel for å danne rasen. 

Eit verkemiddel som det offentlege nytta for å fremje storfehaldet midt på 1800-talet, var fesjå. Dyrsku'n i Seljord er landets eldste statlege utstilling og det var trongen for gode avlsdyr til telemarkrasen som la heile grunnlaget for den levande tradisjonen.


Kunnskapsformidling til alle tider

Det heile starta i Kviteseid i 1856, då noregshistorias fyrste rasefesjå vart avhalde i den vesle bygda Kviteseid, berre eit par mil frå staden der messa arrangerast i dag. Statsagronom Lindeqvist sin tanke var sjølvsagt også at storfeutstillingane skulle føre til å auke den faglege kunnskapen og interessa hos norske bønder. Og bøndene møtte opp i hopetal for å sjå og lære, og fesjået var ein suksess frå fyrste dag.  


Seljord peikar seg ut

Etter at Lindeqvist hadde fått i stand dette første rasefesjået for Telemarksfe i Kviteseid 1856, vart det halde dyrskue kvart år i Telemark. Det blei veksla mellom å halde dei i Kviteseid, på Dalen, i Seljord, Gvarv og Sauland. 

Det første dyrskuet i Seljord blei halde i 1858 og det andre i 1863. Lindeqvist kom etter det siste dyrskuet i Seljord med ei sterk oppmoding til indredepartementet om at dyrskuen burde leggast fast til Seljord på bakgrunn av bygdas plassering og «…mængden av vakre kreaturer». 

Utspelet vakte stor interesse og amtmann Aall sendte, på vegne av kommunestyret i Seljord, søknad til indredepartementet om at det skulle avhaldast faste dyrskuar i Seljord på Statens rekning. 

Etter ein lengre saksgang vart søknaden imøtekomen ved stortings­vedtak 28. november 1865. 

17. september 1866 vart så statens første årlige kvegutstilling i Seljord arrangert, og har hatt ei ubroten årleg rekke sidan den gong. Uår, krigsår og store hendingar, Dyrsku'n har gått sin gang i 150 år. Det er sjela i Dyrsku'n som er unik. Her har folk møttest til alle tider for ein prat, for å lære, for å handle, smake eller sjå. 


Særmerkt rase

– Telemarksfeet var opphavet til Dyrsku'n, men den særmerkte rasen er framleis ein del av den moderne utgåva av marknaden. Det har blitt arbeidd godt og aktivt i laget for å auke antal mordyr dei siste åra, og vi har entusiastar over heile landet som har Telemarksfe i si besetning, seier styre­leiar i Landslaget for Telemarkfe, Sigbjørn Haslemo. 

Han fortel at det har vore ei gledeleg auke av antal dyr sidan siste teljing, noko som syner at målretta avlsarbeid gjev ei god utteljing. Styret i Landslaget er trygge på at det er god nok tilvekst av dei vakre dyra i åra framover, slik at dei fortsett vil vere ein del av den tradisjonsrike husdyrutstillinga på Dyrsku'n.

Dyrsku'n er for alle – slik har det alltid vore, og slik skal det vere! Dyrsku'n er eit under, sa Stein Ørnhøi. Ja, kanskje er det det? 


Bilde: Aslaug Moen og kyri Gullrei på jubileumsutstillinga i 1956

Sitater henta frå «Bondens lykke, kongens gull» av Jan Erik Kjær, Alfa Forlag 2006