Dyrsku'n 2020 avlyst for fyrste gong

Dyrsku'n 2020 avlyst

tirsdag 2. juni 2020

Covid-19 set stoppar for Dyrsku'n 2020

Nasjonale myndigheiter ved regjeringa opplyste på pressekonferansen 28.5.2020 at dei for store arrangement vidarefører gjeldande smitteverntiltak tilknytt Covid-19 ut året. Framleis gjeld forskriftsforbodet mot store arrangement, og med dette er årets Dyrsku’n 11.-13. september avlyst.


Det blir fyrste gong det tradisjonsrike arrangementet, som har vore arrangert ei ubroten rekke sidan 1866, ikkje skal gå av stabelen.


«Det er med særs tungt hjarte vi må formidle at Dyrsku'n 2020 er avlyst. Vi har håpa i det lengste på eit anna utfall, men det er klart omsyn til liv og helse må gå fyrst. Regjeringa fastheldt på pressekonferansen 28.mai at større arrangement kan medføre risiko for store smitteutbrot og derfor blir ikkje arrangement som Dyrsku'n lovleg. Sjølv om situasjonen kan sjå både betre eller verre ut når det gjeld smittespreiinga av Covid-19 når vi kjem til september, gjer gjeldande forskriftsreglar og krav om smitteverntiltak for arrangement gjeldande for heile 2020, det uforsvarleg og umogleg å arrangere Dyrsku'n i 2020.

Omsetjingstapet for Dyrskuplassen vil bli kring 70 millionar kroner og situasjonen er utfordrande. Vi håpar sjølvsagt på langt betre kompensasjons-ordningar og støtte frå staten i ei krevjande tid. Det er både trist og surrealistisk å skulle avlyse Dyrsku'n, men vi tar naturlegvis vår del av samfunnsansvaret og rettar no blikket mot 2021», seier dagleg leiar Geir Helge Espedalen.

Fleire tusen menneske blir involvert når Noregs største landbruks- og handelsmesse skal arrangerast. Dyreeigarar treng tid til å førebu seg og sine dyr til arrangementet, varer skal bestillast og standar bemannast hjå alle dei 800 utstillarane. Rekruttering og koordinering til arrangementet frå lag og foreiningar skal på plass, og infrastrukturen rundt eit slikt stor-arrangement krev også store og grundige førebuingar med både interne og eksterne aktørar. Sjølv om det er ufatteleg trist å avlyse årets arrangement er vi glade for å kunne gje våre mange viktige samarbeidspartnarar og gjester informasjon i høve vidare planlegging.

Aslak Snarteland er både styreleiar i Dyrsku'n, Dyrskuplassen, Telemark Landbruksselskap og i Telemark Bondelag.

«Det er utruleg uheldig at Dyrsku'n blir avlyst. Dyrsku'n er ein møteplass for både bonde og forbrukar og er særs viktig for oss i landbruket. Eg håpar verkeleg staten kjenner si besøkelsestid ovanfor Dyrsku'n i denne uverkelege tida. Eg klarar knapt å forstå at me ikkje skal på Dyrsku'n i september», seier Snarteland.

Dyrsku’n er ein møteplass både for landbruket, for matinteresserte, for husflid og handverk, anleggsbransjen og sjølvsagt for dei mange som kjem for å handle, lære, smake eller for å ta del i det yrande folkelivet og den særeigne stemninga på marknadsplassen. Arrangementet samlar årleg kring 90 000 besøkande og over 800 utstillarar frå heile Noreg.

For lag og foreiningar vil eit år utan aktivitet på Dyrskuplassen merkast godt. «Dyrsku'n genererer kring 10 millionar kroner til lokale og regionale lag og foreiningar, og det er ein stor bonus at det me driv med gjev ringverknader i form av sårt tiltrengde kroner til mange klubbkasser der ute. Dette er midlar som er direkte avgjerande for at ein skal oppretthalde eit mangfaldig og viktig arbeid med spesielt barn og unge, i arbeid med både idrett og kultur. Slik bidrar Dyrsku'n bredt utover sjølve messa til både folkehelse og rekruttering innan kultursektoren»

Ordførar i Seljord Beate Marie Dahl Eide er bekymra for korleis Korona-krisa vil påverke Seljordsamfunnet. «Det er klart eg tenker mykje på konsekvensane for lokale arbeidsplassar, spesielt innanfor handel og reiseliv», seier Dahl Eide. Tal innhenta frå Telemark Næringshage syner førebels ein estimert reduksjon i omsetjinga i lokal handel på fleire 100 millionar kroner. «I Seljord er tidsrekninga før og etter Dyrsku'n. Vi har mange heilårsarbeidsplassar knytt til aktivitetane på Dyrskuplassen, så konsekvensane for samfunnet vårt vil bli store, og Seljord blir særs hardt ramma. Det er avgjerande at staten no bidreg med kapital så vi kan sikre både arbeidsplassar og friviljug sektor. Lag og foreiningar har ei særleg viktig stilling i Seljordsamfunnet, og dei missar no heilt grunnleggande inntekter» seier Dahl Eide.

Administrerande direktør i Norsk Landbrukssamvirke Ola Hedstein er opptatt av betydninga Dyrsku'n har som møte- og formidlingsplass for landbruket.

«Dyrsku'n styrker norsk landbruk ovenfor Ola og Kari Nordmann, og bygger stolthet og kunnskap for fremtidas satsing på et innovativt og bærekraftig landbruk. I en tid hvor viktigheten av kunnskap om selvforsyning og norsk matproduksjon er så sentral, er det leit at vi ikke kan møtes til debatter og foredrag i Seljord. Dyrsku'n har med sitt fokus på mat og den norske bonden hatt stor betydning for norsk landbruk siden oppstarten i 1866, og jeg ser fram til nye Dyrskuer med spennende innhold i årene som kommer»