Dyrsku'n 2021

Dyrsku'n 2021

tirsdag 17. november 2020

Med Dyrsku'n avlyst for aller fyrste gong, har det vore eit svært spesielt år for alle som er glad i Dyrsku'n.


Vi jobbar no målbevisst for at Noregs største handels- og landbruksmesse skal kunne arrangerast 10.-12.september 2021.

Den store og godt utbygde Dyrskuplassen skal vere ein trygg og tilrettelagt møteplass for alle som ynskjer å besøke oss.


Covid-19 forskrifta som ligg føre opnar kun for å ha arrangement med inntil 50 personar. Det vil sei at nasjonale retningsliner må endrast før Dyrsku'n kan arrangerast igjen.

For at dei nasjonale retningslinene skal bli endra, så må vi alle ta vår del av ansvaret slik at smittesituasjonen blir vesentleg betra. 


Vi jobbar med ein omfattande plan for smittetiltak.  Det skal vere trygt å besøke Dyrsku'n, og tryggleik skapar vi best saman!  


Når vi nærmar oss slutten av dette året så håpar vi på lovande utsikter til ei vaksine og vi vil halde dykk oppdatert så snart vi veit noko meir tilknytt Dyrsku'n 2021.


Det er både mange gjester og utstillarar som kontaktar oss, og vi er glad for at dykk saman med oss ser fram til at vi atter kan møtas på Dyrsku'n i Seljord!

Vi høyrer gjerne frå dykk ved spørsmål og innspel.