Dyra er framleis navet i Dyrsku-hjulet

Halvor Kleppen på Dyrsku'n

onsdag 9. september 2020

Sjølv om Dyrsku'n no er noko ganske anna enn Dyrsku'n i 1866, er det lett å følgje historia frå det fyrste fesjået til dagens handels- og landbruksmesse, meiner journalist, forfattar og programleiar Halvor Kleppen.

Dyrsku'n var fyrst eit arrangement for å auke kvaliteten på husdyrbruket særleg knytt til avdråtten frå telemarkskua, seier han. 


– Husdyrbruk er navet

Kleppen fortel at det ikkje tok lange tida frå 1866 før Dyrsku'n vart ein viktig sosial møtestad mellom bygdefolk frå heile Telemark, seinare frå Agder-fylka og Austlandet. Kulturprogram og kremmarliv blei ein del av folkelivet, men det var alltid kua – og etter kvart også andre husdyr – som sto i sentrum. 

– Husdyrbruket er framleis navet i Dyrsku'n, men handel med alt frå honning til anleggsmaskinar tek stadig større rom på Dyrskuplassen. 


Viktig møtestad

Kleppen seier Dyrsku'n har spela ei stor rolle i liva til bygdefolk i Telemark sidan starten, både som kulturell og sosial møtestad i overgangen mellom sommar og haust. 

– Dyrsku'n har vore ein del av tidsrekninga i dette fylket. Mykje skulle vere ferdig til Dyrsku'n, for etterpå kom svart-hausten! 


Dyrsku'n har blitt den største landbruksmessa i Noreg og er ein viktig fagleg møtestad for påfyll av kunnskap for dei som framleis driv med arbeid i fjøset. 


Utvikla seg i takt med samfunnet

Det er mykje som er annleis på Dyrskuplassen i dag enn det var i 1866, men Kleppen vil ikkje gå med på at arrangementet har endra seg. 

– Dyrsku'n har ikkje endra seg, men utvikla seg. Fjøset, scena, dømminga og dyrehaldet er framleis navet i dyrskuhjulet, men det som er rundt, har utvikla seg i pakt med endringane i samfunnet elles, seier han.


– Da «hot dog-en» kom frå USA etter krigen, kom dei varme pølsene inn på dyrskumenyen. Inga dramatisk endring, berre ein del av utviklinga elles.


Kultur og folkeliv

Den andre helga i september kvart år kjem 90 000 menneskje til Seljord. Dei fleste kjem for folkelivet og tradisjonen, og då er det viktig at alt av underhaldning og kulturprogram fell inn i «tonen» til Dyrsku'n, meiner Kleppen. 

– Slik har og Dyrsku'n eit ansvar for å syne fram det beste av det bygdene har å by på.

 

Kleppen seier at til dømes eit program om Sterke-Nils er like stas i dag som det var for 100 år sidan, og han har nokre tankar om kvifor folk enno flokkar seg rundt den vesle, gamle stogo.


– Kan det ha noko med at dette har med røtene våre å gjere? Når tusenvis ser på gamle handverk og den beste husflidsutstillinga i landet? 


Kleppen meiner kvaliteten på arrangementet er så god, at mange kjenner det som ein viktig sosial milepåle i året, på same måte som 17. mai og dei store høgtidene. 


– Dyrsku’n er med på å gje livet på bygda prestisje. 


Det seier òg mykje at heile A-laget av politikarar stiller opp i Seljord kvart valår, meiner han. 


– Denne møtestaden er unik, ein arena for debattar og engasjement i demokratiet Noreg. Ingen stad kan du møte fleire veljarar rett før valet.


– Eit sakn

I år trur han saknet av Dyrsku'n kjem til å plage mange. 

– Mange vil kjenne på kor viktig denne septemberhelga er før nattefrosten set inn, og vil gle seg til ho er tilbake i 2021.