Hand i hand for husflid og handverk

Husflid, handverk og design har vore ein viktig del av Dyrskun i ei årrekke.

lørdag 5. september 2020

Dyrsku'n har frå 2020 utvida samarbeidet med Vest-Telemark Museum. Saman med Norges Husflidslag skal dei 3 sikre at Husflidsutstillinga på Dyrsku'n fortset å vere landets største og viktigaste utstilling for handverk, husflid og design.


Både Vest-Telemark Museum og Norges Husflidslag har hatt eit samarbeid med Dyrsku'n på fleire felt i mange år allereie.

– Nå som vi har fått prosjektleiinga for Husflidsutstillinga, tyder det at vi utvidar samarbeidet betydeleg, seier Dag Rorgemoen, direktør ved Vest-Telemark Museum.

Husflidsutstillinga på Dyrsku'n er landets største og viktigaste utstilling for handverk og husflid, med fagleg vurdering av kvart einskild arbeid som vert sendt inn. Ho er godt etablert og eit sentralt tilbod på Dyrsku'n, noko Rorgemoen legg vekt på at er resultat av eit godt arbeid over mange år. 

– Me skal utvikle dette vidare og vonar me kan styrke denne møtestaden for det mangfaldige feltet handverk/husflid/folkekunst/kunsthandverk.
– Skapargleda og interessa er stor, og kunnskapen og verdien om alt frå materialkvalitetar til teknikkar er viktig både for berekraft og næringsutvikling.


Smykkedesignar og prosjektleiar

Det er Marie Ridderhus som er ny prosjektleiar for husflidsutstillinga på Dyrsku'n. Sølvsmeden og smykkekunstnaren er oppvaksen på Ringerike, men er godt etablert i Rauland. Ho er òg godt kjent med tradisjonen det er å reise på Dyrsku'n. 

– Foreldra mine har begge vore engasjert i Husflidsutstillinga som både dommarar og utstillingsriggarar, så det er spanande for meg å få innsikt i denne store og viktige utstillingsarenaen. 

Fram til i år har ho jobba med smykkeproduksjon på sitt eige verkstad i Rauland, og det var òg her ho tok bachelorgraden sin i tradisjonskunst. No skal ho arbeide med å løfte fram norsk husflid og handverk. 

Marie Ridderhus, prosjektleiar for husflidsutstillinga på Dyrsku'n.Marie Ridderhus er sølvsmed og smykkedesigner


– Stort engasjement

Direktør i Norges Husflidslag, Marit Jacobsen, har stor tru på både samarbeidet og prosjektleiaren. 

– Marie Ridderhus har eit stort nettverk blant yngre utøvarar, er fagleg truverdig og viser eit stort engasjement for formidling av kvalitetshusflid og -handverk, seier ho. 

Dei tre partane har allereie hatt fleire møte og drøfta ulike tiltak for å gjere Dyrsku’n til ein enda meir interessant arena for eit breitt spekter av handverkarar.
– Det er særleg behov for at også yngre utøvarar ser dette som ein stad å syne fram sine arbeider, seier Jacobsen.

Marit Jacobsen, direktør i Norges HusflidslagMarit Jacobsen, direktør i Norges Husflidslag


Kan vere starten på noko stort

Akkurat det er noko den nye prosjektleiaren er oppteken av. Ho synest det er utruleg spanande å sjå arbeid frå unge handverkarar og har ei klar melding til alle handverkstalent der ute:

– Vi treng deg, handverksspire!  

Dyrsku'n er ein flott arena, med mange husflid-, handverk- og designinteresserte besøkande. Ridderhus seier det er stort i seg sjølv å få ei god plassering på Dyrsku'n, men det kan òg vere starten på noko enda større. 

– Korleis kan du få vite at du er eit talent om du ikkje får ei fagleg bedømming av produkta dine? 

Ho legg vekt på at ein som handverkar er heilt avhengig av å få tilbakemeldingar på arbeidet for å vite om det held ein viss kvalitetsmessig standard. 

– Eg er handverkar sjølv og veit at ei ærleg tilbakemelding er viktig for å kunne tilpasse, forbetre og utvikle arbeidet, forklarar ho.


Vil rekruttere breitt

Jacobsen seier erfaringa deira i arbeid med ungdom, er at dei lett lar seg engasjere i handverk om dei har gode førebilete og lærarar. 

– Difor er dei «gamle» som har erfaring, mykje kunnskap og «historia i fingrane» så viktige. Det er gjerne dei teknikkane som kanskje blir oppfatta som dei særaste, som skapar mest og djupast interesse hos dei yngre av oss, seier ho. 

Direktøren seier dei no skal satse på å rekruttere deltakarar breitt. Dei vil òg sikre at dei som har delteke fleire gongar tidlegare, framleis tykkjer tevlinga og utstillinga er utviklande og givande å arbeide fram mot. 

Rorgemoen forklarer at Norges Husflidslag er ein viktig samarbeidspart i utviklinga av utstillinga, med kontaktnettet sitt ut i fagmiljøa og den store medlemsorganisasjonen. Det er òg dei som framleis har det faglege ansvaret for sjølve dømminga, og dommarane i tevlinga skal dømme produkta ut ifrå sin faglege ståstad. 

– Dei set sin individuelle estetiske sans til side, så handverkarane veit at dei vert dømt på eit nøytralt grunnlag, fortel Ridderhus. 

Jacobsen i Norges Husflidslag trur samarbeidet vil gjere nytte av det beste frå alle tre partane.

– Samarbeid med fagfolk og gode formidlarar frå museet og deira nettverk er difor eit stort føremon for Dysku'n og oss i Norges Husflidslag framover, seier ho.


Høgt fagleg nivå

Vest-Telemark Museum har lang erfaring med kulturformidling i ulike samanhengar. Kombinert med den faglege tyngda til Norges Husflidslag når det kjem til husflid og handverk og Dyrsku’n som profesjonell arrangør, kan vi forvente ei utstilling som fortset å halde eit høgt fagleg og utstillingsteknisk nivå, seier prosjektleiaren.

No gler ho seg til å hente inn spanande utstillarar, motivere folk over heile landet til å sende inn bidrag til Husflidstevlinga, koordinere aktivitetar på Sterke Nils-tunet og i Hall B, samt syte for at formidlingsarbeidet held høg kvalitet. 

– Vi håper at erfaringa vår kan bidra med mange interessante utstillingstema som kastar lys over aktuelle tema innan norsk husflid, handverk og design, seier ho.


2021 blir smedens år

Dyrsku'n er ein stor handelsplass, og med så mange besøkande har alle dei tre samarbeidspartnarane ei unik moglegheit til å nå ut til mange med kunnskap og inspirasjon. 

Vest-Telemark Museum har ei viktig rolle for å sikre forståing for handverk og husflid i framtida. Det skal dei gjere gjennom levande formidling, blant anna på Dyrskuplassen.

– Vi jobbar dagleg med å formidle norsk kultur og tradisjon, og til neste år gler vi oss til å vise fram korleis dagens smed jobbar, kor mangfaldige arbeidsoppgåvene kan vere og at mange framleis sett pris på godt handverk og kvalitet, seier Ridderhus.


Haldbart og berekraftig

Jacobsen fortel at Norges Husflidslag har «Holdbart» som satsingsområde fram mot 2022. 

– Godt handverk er haldbart handverk. Folk flest treng meir kunnskap om både handverket i seg sjølv og, ikkje minst, materiala som blir nytta og kva som egner seg til kva, seier ho. 

Dyrsku'n er ein veldig viktig arena for å nå breitt ut med bodskapen i satsinga, som mellom anna er å ta vare på det ein har, lære seg å reparere, kjøpe kvalitet, helst norsk handverk av «kortreiste», norske materiale. 

– Gjennom eit godt samarbeid med Vest-Telemark Museum og Dyrsku'n, ynskjer vi å få fram at godt handverk og ikkje minst historiene som ligg bak husflids- og handverkstradisjonane, er med på å gjere oss til eit meir berekraftig samfunn, seier Jacobsen.