Kompensasjon til Dyrsku'n

Kompensasjon til Dyrsku'n

tirsdag 18. august 2020

I dag kom meldinga om at Dyrsku’n mottar 11,2 millionar i kompensasjon frå staten, og landets største mat- og landbruksmesse er med dette langt betre rusta til å møte framtida.

Vi er svært tilfreds med støtta frå regjeringa og er glade for at vi no er betre rusta til å vidareutvikle Noregs viktigaste møteplass for mat og landbruk. Støtta vi mottar er ikkje nok til å dekke underskotet vi får som følgje av nedstenginga, men bidrar klart til å styrke Dyrsku’n framover. Dyrsku’n har vore ein sentral møteplass og utviklingsaktør i over 150 år og vi er stolt av at regjeringa ynskjer å bidra til å styrke vårt arbeid for dei komande år. No gler vi oss til å fortsette planleggingsarbeidet, slik at vi kan halde fram med å skape utvikling gjennom møteplassen Dyrsku’n.

«Dyrsku’n er en institusjon – for bønder, for bygdefolk og for folk flest. Dyrsku’n er en folkefest og møteplass. Det har vært svært viktig for meg å legge til rette for at Dyrsku’n skal komme seg gjennom denne krevende perioden og være i stand til nye arrangement i åra som kommer», seier Landbruks- og matminister Olaug Bollestad til Nationen i dag.

Dyrsku’n er Noregs største mat- og landbruksmesse og skulle etter planen vore arrangert 11.-13. september, men vart etter nasjonale føringar avlyst for fyrste gong sidan oppstarten i 1866.