Kor norsk er maten i kjøleskapet ditt?

Kor norsk er maten i kjøleskapet ditt? Vi besøkte Kristin Skogheim for å sjekke.

søndag 13. september 2020

– 50 prosent sjølvforsyningsgrad, seier du? Betyr det at vi berre har nok mat til halve befolkninga? seier seljording Kristin Skogheim. Vi vart invitert heim for å sjå kor mykje norsk mat familien Skogheim har i kjøleskapet.


Bilde: Medveten forbrukar? Komikar og interiørarkitekt Kristin Skogheim inviterer kommunikasjonssjef i Norsk Landbrukssamvirke, Frida Gunnestad Johansen, til å inspisere familiens kjøleskap. Kor mykje norsk mat handlar dei eigentleg? Foto: Christian Bjørtomt


Sommarferien er på hell, og som mange andre i koronatider, har familien Skogheim lagt årets ferie til hytta. Nå er kvardagen så vidt i gang, og restane frå hyttekjøleskapet er tatt med heim til familiens bustad på Hasle i Oslo. Komikar og interiørarkitekt Kristin  Skogheim har tatt utfordringa frå sambygdingane i Dyrsku’n, og i dag opnar ho kjøleskapet sitt. Kor mykje norsk mat er det eigentleg i ein ganske vanleg familiehushaldning? 

– No er sanningas time kome, seier Kristin spent.

Ho meiner sjølv at ho er nokså god til å kjøpe norske matvarer og omtaler seg sjølv som «ein middels bevisst forbrukar». Og sjølv om komikaren tullar heile tida, så tullar ho ikkje med maten. 


Ser ofte norsk ut 

– Det umiddelbare inntrykket er at her er det mykje norsk mat, seier Frida Gunnestad Johansen medan ho leitar fram norske egg, mjølk og kjøtt. 

Ho er kommunikasjonssjef i Norsk Landbrukssamvirke, og det er ho som skal setje dagens dom. Ho synest det er gledeleg at Kristin og familien prøver å kjøpe norsk når dei handlar matvarer. 

– Men … poteter frå Israel? Kristin da! bryt Frida ut, i det ho har fiska fram ei pakke poteter som har lura seg langt ned i djupet av grønsaksskuffen. 

– Altså, dei her trudde eg verkeleg var norske. Sjå på etiketten då, seier Kristin, og les frå pakka «kokefaste poteter». 

Det ho ikkje hadde lest, var det som stod med mindre skrift. Der står det nemleg «opprinnelsesland: Israel». 

Frida forklarar at mange trur dei kjøper norsk mat nettopp fordi etiketten og innpakkinga kan lure oss til å tru at produkta norske. Ho seier òg at mange brukar til dømes norske flagg og særnorske ord i marknadsføringa, slik at produkta ser ut som norske sjølv når dei ikkje er det. Ho legg til at vi heldigvis har fått gode merkeordningar, som til dømes «Nyt Norge», som garanterer at vara er norskprodusert. 

– Hadde du tatt deg nokre minutt ekstra i butikken og leita litt meir, hadde du garantert funne norske poteter, seier Frida litt strengt.

Ho legg til at norske bønder har jobba med å utvikle små, forbrukarvennlege potetar dei siste åra for å møte konkurransen frå dei såkalla Amandine-potetane frå Frankrike. Ho formanar at ved å kjøpe norske matvarer, bidreg vi forbrukarar til å støtte den norske bonden og auke sjølvforsyningsgraden. 


50 prosent sjølvberga

– Så altså, eg må kjøpe norsk mat for at vi skal auke sjølvforsyningsgraden? Er ikkje det politikarane sin jobb? spør Kristin. 

Ho innrømmer at ho blir litt sur av at forbrukaren sjølv skal ta ansvar i butikken, der det bognar av lekre og freistande importerte matvarer. 

– Her må politikarar, bønder og matindustrien samen utløyse potensialet i norsk matproduksjon. Norsk forsyningssikkerheit vil bli utfordra i framtida, spesielt med tanke på klima. Vi har kanskje kjent litt ekstra på kor viktig det er i den siste tida, med covid-19 og stengte landegrenser, seier Frida. 


Krisetider

Kristin trur at koronakrisa og dei tidvis stengde grensene, har gjort noko med oss. 

– No har vi liksom skjønt det! At kriser kan skje, og at det faktisk kan ramme oss, seier ho. 

Kristin trur at nettopp dette med å vere sjølvberga, appellerer betre til forbrukaren enn ei  generell oppmoding om å støtte den norske bonden. Ho trur mange framleis heng igjen i førestillinga om at bonden klarar seg med subsidier og støtte frå staten. 

– I Noreg har vi omlag 50 prosent sjølvforsyningsgrad, seier Frida. 

Ho utdjupar: – Sjølvforsyningsgraden forklarer kor stor del av det vi et og drikk som er norskprodusert. Ved å kjøpe norsk mat, vil det bidra til å styrke Noregs beredskap og matsikkerheit. Dess meir vi produserer i Noreg, dess mindre sårbare blir vi.

– Det er jau litt skremmande, seier Kristin ettertenksamt. 


Fast Dyrskugjengar

Som seljording fekk Kristin Dyrsku’n inn med morsmjølka. 

– Eg har eit intenst forhold til Dyrsku’n. Det har liksom alltid vore der. Vi fekk jo fri frå skulen for å jobbe på Dyrsku’n, fortel ho. 

Det ho hugsar best frå ho var lita var stemninga.

– Folk, lydar og lukt. Lukta av mat … potetstappa, mimrar ho. 

I vaksen alder har ho tatt med seg ungane til Dyrsku’n for å sjå på store landbruksmaskinar. Og gi dei matopplevingar. 


Pris er avgjerande 

Og matopplevingane har sett spor. Matvarene i kjøleskåpet vitnar om ein familie som er glad i mat. Ferske egg frå Toten, heimelaga pølser frå Østfold og Kviteseidsmør. 

Men sjølv om familien Skogheim kjøper mykje norsk og lokalprodusert mat, er Kristin oppteken av at smertegrensa går ein stad. Når det kjem til pris.

– Det er ikkje alle som har råd til god moral, meiner ho. 

Frida er einig. Ho fortel at ho sjølv kjøpte ei korg norske jordbær då dei første bæra kom på forsommaren. Ho kosta 79,50. Og med tre born i huset, forsvann ho på fire minuttar. 

– Eg har full forståing for at nokre matvarer kan bli vel dyrt for ein vanleg familie. Samstundes ser vi at den norske forbrukaren er villig til å betale litt ekstra for at matvarene ikkje er sprøyta i hel eller proppa full av antibiotika. 

– Vi vil ha reine og trygge matvarer. 


Ta på lesebrillene! 

– Så, kva er dommen? 

– Det var gledeleg å sjå kor mykje norsk mat vi fann. Her har vi å gjere med ein bevisst forbrukar. Ho er oppteken av rein og sunn mat, av kor matvara kjem frå og av å sikre norsk matproduksjon. Men ho har litt å gå på når det kjem til tid i butikken, ler Frida.

– Kva meiner du? 

– Ved å ta seg litt meir tid, og ta på lesebrillene i butikken, slik at ho får lest det som står med liten skrift, vil Kristin bli ein enda meir medveten forbrukar, seier Frida. 

– Men det burde vere enda lettare å velje norsk i butikken, meiner Kristin

Ho lovar at ho skal gå litt hardt på mannen Lars, som står for det meste av matinnkjøpa. 

– Eg skal i alle fall få han til å kjøpe enda meir norsk, ler ho. 


Fakta

  • Sjølvforsyningsgraden er eit mål på kor stor andel av matvareforbruket som kjem frå norsk produksjon
  • Noregs sjølvforsyningsgrad er på om lag 50 prosent
  • Dekningsgraden er eit mål på kor mykje mat eit land faktisk produserer, inkludert eksport 
  • Noregs dekningsgrad er om lag 90 prosent
  • Den store forskjellen i dekningsgrad og sjølvforsyningsgrad i Noreg kjem i hovudsak på grunn av eksport av fisk

Kilde: landbruk.no