Dyrskukrus 2020

Dyrskukrus

mandag 7. september 2020

Mange har spurt oss; Blir det Dyrsku-krus i år?


JA, det blir det! 

Heilt sidan på slutten av 80-talet har vi årleg seld krus med ulike motiv. Kruset for 2020 kjem snart for sal, følg oss for nærare informasjon.


Hilda Vaa samlar på Dyyrsku-servise og -bestikk

Hilda Vaa frå Vinje har vore på Dyrsku'n kvart einaste år sidan ho vart fødd. Med eitt unntak; då eldstesonen vart fødd.

Du kan ikkje planlegge noko anna under Dyrsku’-helga, for då skal alle til Seljord. Det er nok for meg som for dei fleste andre her i Vest-Telemark: Det er ei tidsrekning med før og etter Dyrsku'n, seier ho. 

Ein treng ikkje ha noko tilknyting til landbruket for å ha eit forhold til Dyrsku'n.

– Når ungdommen flyttar heimanfrå, kjem dei jo ofte heim til jol og påske og sånn. Det gjer ein jo gjerne her au, men her må ein heim til Dyrsku'n i tillegg, seier ho. 


Gyldig fråvær


Sjølv om ho ikkje hugsar sin fyrste gong på Dyrsku'n, hugsar ho godt den eine gongen ho ikkje har vore der. 

– Ja, eg veit at eg har gått glipp av éin Dyrsku. Det var for 20 år sidan no i haust, i 2000. Eldstemann blei fødd på torsdagen, dagen før Dyrsku'n starta, seier ho og humrar litt før ho legg til: 

– Det er det eg kallar dårleg planlegging! 

På veg heim frå fødestova, måtte dei køyre forbi Seljord og fekk sett korleis det var der nede. 

– Mamma skulle jo syne to kyr der nede, og no vart ho plutseleg åleine om å syne dei då eg ikkje kom, fortel ho, som om ho hadde planar om å syne kyr mens ho var ni månader på veg. 

– Eg hadde jo ikkje sagt at eg skulle vere med og syne dei uansett, altså, ler ho. 


Var alltid med mor si


Hilda er oppvaksen med islandshest. Mor hennar har synt kyr på Dyrsku'n i «alle år». Ho har dømt hest der i ei årrekke og kjempa for å få islandshesten inn på programmet, så i tillegg til å vere fast på Dyrsku'n frå før ho kunne gå, har ho alltid vore på det årlege islandsheststemnet i Seljord. Eller, det var to gonger ho gjekk glipp av det, fortalte ho til Varden i vår. Den eine gongen var ho på utveksling i Australia, og den andre gongen var det igjen det ho kallar «dårlig planlegging» på eit svangerskap. Yngstemann vart fødd berre nokre få dagar før det tradisjonelle hestestemnet i pinsa. 

Begge ungane har vore med på Dyrsku'n sidan dei var små, men mykje er annleis no enn då ho sjølv traska rundt som lita jente. Blant anna hugsar ho godt at dei som ungar berre gjekk rundt på plassen åleine, og det var før mobiltelefonar, som ho seier. 

– Det var jo ikkje på nær så mange folk der då som no, og vi visste jo kor både tivoli og Fjoset var, og på Fjoset fann ein som regel kjentfolk, anten det var foreldra våre, ei tante og ein onkel eller nokon andre vi kjende, så det var liksom ikkje noko problem. 


Marknad og møteplass


Dyrsku'n er ein viktig møteplass, og sjølv om det ikkje er like lett å finne folk som før, treffer Hilda alltid mange kjentfolk i løpet av helga. 

– Anten du er interessert i dyr eller maskinar eller noko heilt anna, når du er på Dyrsku'n, veit du at du treffer folk. 

Like sikkert som at Hilda og familien sett kursen mot Seljord kvar september, er det at bilen er litt fullare på veg heim enn han var på veg dit. 

Som gardbrukar har ho alltid visst at om ho treng noko nytt til garden, det vere seg ein ny traktor, noko reiskap eller liknande, kan ho finne det på Dyrsku'n.

– Alle er jo på Dyrsku'n. Her kan du sjå om det er noko nytt på marknaden, samanlikne ulike alternativ og sjå om du finn eit godt tilbod. Sjølv om du ikkje slår til der og då, kan du få informasjonen du treng til å gjere eit godt kjøp seinare. 


Samlar på krus


Ein ting ho alltid har med seg heim etter haustens høgdepunkt, er Dyrsku-kruset. 

– Når du syner dyr der nede, har dei krus som deltakarpremie. Når ein først har fått ein del av dei, må ein jo nesten samle på dei vidare, seier ho. 

Eigentleg starta det med ein serie tallerkenar med ulike motiv frå porten inn til Dyrsku-fjoset. 

– Fyrst var det porten, så ei kyr, ein hest, ein gris – ja, for dei syna gris der i nokre år, au – og så ei geit, ein traktor og til slutt ein kubbestol, fortel ho. 

Frå slutten av 1980-talet ein gong vart dei same motiva gjentekne på krus, før det byrja komme nye motiv, eit nytt kvart år. Men for mjølkebonden frå Vinje og familien vert det gjerne meir enn eit krus kvart år. 

– Om ein syner to dyr, blir det to krus. Kanskje har ein òg ein jobb der nede kor ein får eit krus, så det blir fort fleire, ja. 


Overtok både garden og krusa


Ho har ikkje tal på kor mange krus ho har totalt, men ho veit at ho har krus frå kvart einaste år ho har vore på Dyrsku'n. 

I tillegg til krus og tallerkenar har ho både sølvskeier, fat og vasar – alt har vore anten deltakarpremiar eller gåvepremiar til dyr som vart premiert.  

– Då eg overtok garden, overtok eg òg Dyrsku’-servise, så eg har alt frå då mor mi byrja å syne dyr for mange tiår sidan, seier ho. 


Eit merkeleg år


Ho har full forståing for at årets Dyrsku'n vert avlyst og trur ikkje at det var noko anna alternativ. 

– Det som er synd, er at det får så enormt store ringverknadar.

– Det har alltid vore mykje å vere med på i Seljord, det skjer mykje der. For meg har det alltid vore Dyrsku’n og Pinsestemnet, men eg har òg vore på Countryfestivalen nokre gonger. Når det no ikkje skjer noko der heile året, blir det eigentleg berre eit veldig merkeleg år.