Mistar inntekter frå Dyrsku'n

Seljord Idrettslag mistar inntekter frå Dyrsku'n

fredag 4. september 2020

Under Dyrsku’n fyller lag og foreiningar 1500 vakter med serviceinnstilte menneske. Dette arbeidet gir kjærkomne tilskot til aktivitetar innan både idrett og kultur.

Bilde: INGEN DUGNAD: Fotballaga i Seljord IL har til vanleg kioskvakter under Dyrsku’n, men i år kjem ikkje dugnadsinntektene. Foto: Tun Byrå


Dyrsku’n er sjølve livsnerva til Seljord IL! Vi mistar eit overskot på 1,2 millionar, og det er mykje pengar for eit lite idrettslag, seier leiar i Seljord IL, Tellef Solås. 

– Vi er difor svært tilfredse med at regjeringa no har løyvd øyremerka midlar til vår sektor. 

Seljord IL har hatt vakter på Dyrsku’n i 43 år. Kvart år har 500 medlemmar av idrettslaget vore i sving under Dyrsku’n. Inntektene går til å drifte anlegg, som kunstgrasbana i Seljord, og bidrar til å halde kontingenten låg. 


Tradisjonsrikt samarbeid

Dyrsku’n sitt samarbeid med lag og foreiningar har lange og solide tradisjonar. 

Grendelag, Raudekrossen, skuleklassar, kor og idrettslag frå både Seljord og andre plassar i Telemark fyller kvart år 1500 vakter på Dyrsku’n. Det er parkeringsvakter, serveringspersonale og folk som ryddar søppel, arbeidsoppgåver som er ein viktig del av tannhjulet til Dyrsku’n. 

Dei som jobbar dugnad for laget sitt, er med på å skaffe viktige inntekter til lagkassa.

IL Rein frå Haukeli skulle for fjerde år på rad servert mat i Storstogo i år. Nelly Hermansen, ansvarleg i IL Rein, er ikkje i tvil om kva Dyrsku’n betyr for det vesle idrettslaget.

– Inntektene frå Dyrsku’n er fantastiske for oss. Ikkje minst er det lett-tente pengar samanlikna med anna dugnadsarbeid. Faktisk treng vi ikkje ha andre dugnader når vi får lov til å vere med på dette, seier Nelly.

I år mistar dei 140 000–150 000 kroner i inntekter, pengar som skulle bidratt til utviding av lysløype, ny tråkkemaskin, og til å dekke trenaravgift for unge som trenar fotball og ski.


Glad for støtte

Både IL Rein og Seljord IL er svært godt tilfredse med at det no har kome støtteordningar. 

– Dette er svært viktige midlar for oss. Utan dette ville vi anten måtte lånt pengar eller skrua opp prisane i barne- og ungdomsidretten. Dette håpar eg vi no slepp, slik at vi framleis kan jobbe for eit mangfaldig og godt tilbod innan idretten, seier ein fornøgd leiar i Seljord IL, Tellef Solås.   

Tellef i Seljord og Nelly i IL Rein garanterer at dei saman med sine idrettslag er klare for å gjere ein nok ein innsats i Storstogo ved neste anledning.

– Vi trivast jo med den jobben vi gjer og er klare for Dyrsku’n 2021! seier Nelly Hermansen. 

IL Rein mistar inntekter frå Dyrsku'n

INGEN MATSERVERING: Inger Johanne Tveito (frå venstre), Nelly Hermansen, Gunhild Hege Dalen og Marianne Hermansen frå IL Rein hadde gleda seg  til å servere mat i Storstogo, men slik blir det ikkje i år. Foto: Privat