Tekst og foto: Marit Dahlviken Hagen, Tun Byrå
I år lyt du smake sider frå Telemark i eigen bar i Storstoga servering. Og på Dyrsku’n sitt nye mattun kan du velje blant mange ulike rettar.
Vi er i eit distrikt der det blir satsa på sider, og vi ynskjer å vere med og løfte næringa. Derfor står eple og sider sentralt på Dyrsku’n i år, seier matkoordinator i Dyrsku’n, Margit Nordstoga Aasan.
Oppsving for norsk sider
Tal frå Vinmonopolet viser at salet av norsk sider har skote i vêret dei siste ti åra, og Dyrsku’n kastar seg på trenden. Fruktbygda Gvarv i Telemark har fleire siderprodusentar, og dei gylne dropane deira kan i år nytast frå ein eigen siderbar i Storstoga servering.
– Sider har blitt ei fantastisk næring for norske fruktprodusentar. I 2022 vil det bli produsert omtrent 1 million liter sider i Norge. Til samanlikning var talet for 2010 litt over 15 000 liter, seier Bernt Bucher Johannessen, som er leiar i Hanen og primus motor for sideropplevingar under Dyrsku’n.
Telemark Siderlag stiller med siderbar og sidersmaking i Matkvartalet. Her møter du produsentane: Lien Gard, Sideriet, Nerø Frukt og Sider samt Lindheim Ølkompani.
Spennande siderhistorie
Bernt har nett skrive bok om norsk sider, og held foredrag om norsk sider og siderhistorie under Dyrsku’n.
– Norsk alkoholhistorie er meir omfattande enn folk trur. Sider har ein hundre år gammal tradisjon i Noreg. Sjølv i dei mest gudfryktige heimar vart det laga fruktvin, fortel Bernt med eit smil om munnen.
Bernt har kalla foredraget sitt «Norsk sider – ein drikk i verdsklasse», og det blir mogleg å smaka sider under arrangementet som går føre seg både fredag og laurdag.
– Sider er eit ekte, reint og berekraftig produkt. Norsk sider smakar friskt og er eit godt alternativ til cava, cremant og prosecco, meiner Bernt.
Eple og berekraft set også sitt preg på Dyrsku’n i år. Ei mobil eplepresse i regi av prosjektet Lif Laga, skal dragast i gang og presse fem tonn eple som elles ville gått til spille.
Mattun med varierte rettar
Mange kjenner omgrepet «food-court». På Dyrsku’n heiter det sjølvsagt Mattun. Dette området er nytt av året, og når du kjem inn her, vil du kjenne angen av mange ulike rettar.
– Mattunet er eit sitjeområde med tak, omkransa av fleire produsentar som tilbyr serveringsmat. Dette blir eit kjempefint nytt område for å nyte maten, seier Margit.
Men matopplevingane stoppar ikkje her. Matteltet blir i år eit kvadratisk telt på same plassen som tidlegare, rett ved Storstoga – der kan du handle og smake lokalmatprodukt og nyte lokalmatpizza med produkt frå matutstillarane.
MATOPPLEVINGAR
● Siderbar med utval av Telemarkssider i Storstoga
● Kåseri og sidersmaking v/ Bernt Bucher Johannessen fredag og laurdag
● Bondelagskokken byr på norsk tradisjonsost på nye måtar i Ystebua ved Sterke Nils-tunet
● Mattun med sitjeplassar under tak – og mange tilbydarar av serveringsmat
● Mattelt med sal av nysteikte sveler – og mange ulike produkt frå lokalmatprodusentar.
● Sidersmaking i TettPå liten
● Foredrag om kunsten å ikkje kaste mat, ved Thomas Horne i TettPå liten
● Foredrag om norsk tradisjonsost og gamalost ved Kristin Glük-Teigland i TettPå liten
● Demonstrasjonar og aktivitetar med mat frå fjos til bord i SterkeNils-tunet
● Baking i steinomn med sal av gjærbakst og brød ved Mattunet
● Demonstrasjon og aktivitet med eplepressing i regi av Líf laga ved Lokalmatteltet