Dyrsku'n 8.-10. september 2023

Klikk her for å kjøpe billetter

Offisiell opning av Dyrsku´n 2022

Paradasjemars, landbruks- og matminister, styreleiar og 3 slag i bjella – Dyrsku´n 2022 er offisielt opna!

09.09.2022

Ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp) ynskte folk velkommen til Seljord kommune, før landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) heldt den høgtidsame opningstala. Fjoset var fullt av folk som hadde kome for å sjå og høyre dømming av dyr, prisutdelingar, debatt og kulturinnslag.

paraden framfor Fjoset

Dyrsku´n er tradisjon, og som tradisjon tilseier er den også i stadig utvikling.

Ordførar Beate Dahl Eide oppsummera det slik:  «Leik, leven og sterk aroma frå geit og gris finn ein her!»

klare for parade

Politisk duell

Under offisiell opninga av Dyrsku´n 2022 var det politisk duell mellom Sandra Borch, landbruks- og matminister (SP) og EAT-leiar Gunhild Stordalen om landbruket.

Det var også politisk samtale mellom Sandra Borch og leiar i Framstegspartiet, Sylvi Listhaug.

Erik Aasheim, tidligare NRK-profil, nå leiar av Primus Production, leia oss gjennom den politiske delen av opningsprogrammet

politisk samtale mellom landbruks- og matminister Sandra Borch og leiar Framstegspartiet Sylvi Listhaug