Om oss

Gjennom året arrangerar Dyrsku'n Arrangement to større messer, der handels- og landbruksmessa Dyrsku'n tronar som den absolutt største. I tillegg har vi eit produksjonskjøkken som leverar mat til kommunens institusjonar, privat catering og selskap på Dyrskuplassen.


Når vi ikkje sjølv har arrangement, leigast Dyrskuplassen ut til eksterne aktørar. Eksempel på faste leigetakarar er Countryfestivalen Seljord, Maran Ata og Seljordfestivalen. Her kan du finne meir informasjon om dei tilsette, Dyrskuplassen, Dyrsku'n si historie og korleis du kjem i kontakt med oss.