Dyrsku-historia

I over 150 år har folkefesten, handels- og landbruksmessa og fesjået Dyrsku'n samla over 90 000 menneske årleg frå heile Sør-Noreg. Her kan du lese heile historia. 

Det heile starta i 1850-åra då det vart avvikla fesjå på ein rekke plassar i Telemark. Her møtte bøndene fram for å handle og selje, fyrst og fremst var det handel med dyr, men etter kvart kom det òg andre varer til. Det var ikkje uvanleg at 4-500 dyr var for sal under marknadane. 

Etter kvart var det sterke krefter som ville ha fesjåa samla på ein fast stad, så då Even Høyesen Nordgarden stilte eit 100 daa stort område til disposisjon samstundes som statsagronom Johann Lindeqvist jobba iherdig med myndigheitene, vart det avgjort at fesjåa skulle haldast i Seljord. 
Slik vart Dyrskuhistoria til.

150 år med Dyrsku'n

1866: "Statens første Qvægudstilling” i Seljord
1867: Dyrsku-fjoset med 200 båsplassar teke i bruk
1871: Den fyrste hesteutstillinga på Dyrsku'n
1897: Dyrsku-fjoset utvida til vel 300 båsplassar
1916: 50-årsjubileum. Kongens fortjenestemedalje i sølv til telebøndene Hans Kleppen og Sveinung Groven for arbeidet "for telemarksfæets fremgang"
1947: Det blir opna for andre storfe-rasar enn Telemarkskyri
1956: 100-årsfeiring av det fyrste rasedyrskuet i Noreg, Kviteseid 1856, og 90-årsjubileum for Dyrsku'n i Seljord. Kronprins Olav æresgjest
1962: Bygdekunst/husflidutstilling for fyrste gong på Dyrsku'n. I dag landets største husflidsutstilling
1965: Seljord kommune inn i Dyrsku'n
1966: Jubileumsutstilling. Ny husflidshall, utstillingshall og nytt sanitæranlegg
1968: Dyrsku'n blir utvida frå to til tre dagar og flytt til ei helg i staden for vekedagar
1969: Namneendring til Seljordutstillinga Dyrsku'n. Den fyrste Seljordprisen blir delt ut
1970: For fyrste gong over 20 000 på Dyrsku'n: 20 193
1977: Seljord Idrettslag tek over matsalet på Dyrsku'n
1981: Fyrste gong over 50 000 på Dyrsku'n: 51 035 selde billettar
1987: Nybygg med friluftsscene
1990: 62 742 på Dyrsku'n
1991: 125-årsjubileum. 18 dekar nytt utstillingsområde. Opprusting av kjøkken og kafeteria
1993: Ny publikumsrekord: 64 182
1995: Dyrsku-arrangementet omorganisert, Dyrsku'n får dagleg leiar. Dyrskuplassen utvida til 120 mål (innanfor gjerdet)
1996: Driftsselskapet Dyrsku'n Arrangement AS overtek drifta av Dyrsku'n. Ny Husdyrhall og ny Ride-/salshall. 66 417 gjester på Dyrsku'n
1997: Husmannsstoga frå Gonge på Seljordshei blir restaurert og teken i bruk under Dyrsku'n
1998: Nytt, moderne toalettanlegg
1999: Sterke Nils-tunet og den nybygde "Stogo"blir opna. Ny publikumsrekord: 69 887
2000: Rosemålarane tevlar om publikumspris. Besøkstal: 67 158
2002: Ny publikumsrekord under Dyrsku'n, heile 75 072 betalande gjester
2003: Huset på Skogstanden under oppføring, med ein gamal byggeskikk i grindverkteknikk som vart nytta i jarnalderen
2004: Den nye smia og Ystebui på Sterke Nils-tunet vart teken i bruk
2006: Dyrsku'n fyller 140 år! Ekstra satsing på dei fleste område. Cowparade vert avslutta med ein auksjon under Dyrsku'n der pengane går til bønder i Malawi
2007: Storstogo vart bygd og teken i bruk, bygget husar administrasjon der Dyrsku'n Arrangement sitt, samt eit stort kjøkken og møtelokaler
2008: Dyrsku'n mat- og kompetansesenter er i drift. Storstogo servering og produksjonskjøkken opnar
2010: Nytt matkvartal. Dyrsku'n blir inkubator for mat- og naturbasert næring. Stuten Kafe renoverast
2011: Dyrskuplassen blir utvida med 25 daa. (I-feltet)
2012: Husflidsutstillinga er 50 år på Dyrsku'n
2014: Publikumsrekord med 88 000 menneskje innafor portane på Dyrskuplassen
2015: Storstoga vert oppgradera og blir ein fin arena for selskap, konfirmasjonar og meir 
2016: Dyrsku'n fyller 150 år og sett publikumsrekord med 94 248 personer
2017: Publikumsrekord Dyrsku-laurdagen med 38 316 personar inne på Dyrskuplassen