Dyrsku'n 8.-10. september 2023

Klikk her for å kjøpe billetter

Ost på 10 minutt

Visste du at det går an å lage ost på ti minutt?

08.09.2017

Raskt og enkelt

Gunn Jorunn Sørum og Astrid Seime frå Norsk Tradisjonsmat demonstrerer korleis du lagar ferskost.

Ein liter kulturmjølk og litt oppvarming i gryte – vipps så har du den nydelegaste ferskosten du kan tenke deg.

Rett nok må osten sile litt lengre enn dei ti minutta, så eit kvarter ekstra må du rekne med. Eller om du let ostemassen stå i kledet over natta, så får du ein tørrare konsistens, som passar perfekt til taco.

Likevel går det veldig raskt å lage ferskost, som produktet heiter. Krydre med litt kvitlauk og graslauk, eller bare karve. Smakar godt på brau!