Hansen får med seg Petter Pilgaard og Vendela Kirsebom som assistentar. Men det blir sjølvsagt ikkje berre prat og demonstrasjon. Skogselskapet grillar og serverer smaksprøver av vilt så lenge det rekk. «Nå har pulikum ein unik sjanse til å sjå riktig behandling og laging av kjøt», seier Vegar Hvamb i Skogselskapet.
Hansen har det han sjølv kallar ein ekstrem lidenskap for vilt. Gjennom 25 år som kokk og kjøkkensjef har han gleda tallause gjestar ved å servere nettopp vilt. «Eg nyt å gå i fjellet og hauste av naturen. Det er med på å gje meg respekt for dyra og ta vare på dei på best mogleg vis, så kjøtet blir mørt og smakfullt».
No kjem han attende til Seljord for å dele entusiasme, matglede og kunnskap for tredje året på rad. Med seg har han den rykande ferske boka si, «Jæger Hansens Villmarkskokebok», som blir lansert på Dyrsku’n.
«Det kjem til å bli eit heilt vilt show, med smaksprøvar av råvarar som eg har stykka opp», seier Hansen.
Han meiner partering er ein tradisjon som veldig mange unge menneskje ikkje får lov til å ta del i slik dei gjorde i gamle dagar. «Det er viktig at vi held på tradisjonane våre og tar vare på dei gode råvarene som bøndene og jegerane skaffar oss», seier Hansen.
No håpar han å inspirere dei besøkande til å tørre å partere sjølv ved å syne kor enkelt det er å ta vare på heile slaktet.
I tillegg kan du høyre foredraget til Jæger Hansen i Møt Landbruket-teltet sundag kl.14.30