Populær meisterkokk

Mange sikra seg bok med signatur av meisterkokken Geir Skeie fredag.

08.09.2017

SIGNERING: Ein ung kokk frå Seljord vidaregåande skule fekk meisterkokkens signatur i boka.

Skeie, som blei Bocuse d’Or 2009, er ute med ny kokebok, «Grøntboka, mine beste tilbehør». Fredag demonstrerte han sine kokkekunster i Lokalmat-teltet og signerte den nye boka si.

Lokale grønsaker og kvitost frå LEGA var nokre av ingrediensane han brukte i blomkålsalaten, som publikum sjølvsagt fekk smake etterpå.

Geir Skeie var ein av dommarane i Det Norske Måltid, som hadde delfinale her på Dyrsku’n.