Dyrsku'n 8.-10. september 2023

Klikk her for å kjøpe billetter

Premieutdeling i husflidstevlinga

Med hardingfelespel og høgtidsstemning blei det gjort krus på vinnarane av 1.premiane i husflidstevlinga på Dyrsku’n sundag.

10.09.2017

Foto: Årets yngste deltakar, og kanskje yngste nokon sinne, er Eva Kristine Bjercke med sin pyntehatt i ull som ho vann 3.premie for.

Husflidstevlinga set fokuset på handverket. For forståinga for kva eit handtverk er, er viktig å formidle, meiner husflidskonsulent for Telemark, Marthe Haugerud.

«Samfunnet i dag skjønnar ikkje kva eit handtverk er. Folk ser ikkje at det kan ligge 100 arbeidstimar i ein brodera kvarde til ei bunadsskjorte. Og det er vanskeleg å drive næring og tene pengar på handverk, men det kan også gå an».

Solveig T. Grinder frå sekretariatet i Noregs husflidslag meiner Husflidsutstillinga på Dyrsku’n er svært viktig for å formidle handverk og handverkerar. «Slik sett er denne utstillinga fantastisk i nasjonal samanheng. Den er eit unikt utstillingsvindauge for handverket. Dette er den største tevlinga i Noreg», konstaterer Grinder.

Foto: Anne Kathrine Rønning (t.v.) fekk diplom for sin kvarde/halslinning i beltestakk-tradisjon av Solveig T. Grinder frå Noregs Husflidslag.

 

I år har 184 produkt blitt vurdert av fagjuryar i seks forskjellige klasse. Bare i klassa for knivar var det 74 produkt inne til bedømming. Og totalt fekk 33 arbeid 1.premie.

I tillegg blei det dela ut to spesialprisar, stimuleringsprisen og nyvinningsprisen.

Husflidsutstillinga på Dyrsku’n har vore ein tradisjon heilt sidan 1962. Her blir det vist fram innsendte arbeid frå Husflidstevling, arbeid frå studentane i Søraust-Noreg saman med ei særutstilling.

Kubbestolen

I år har kubbestolen vore i fokus i utstillinga «Ein kubbe til å stole på». Ein av dei som har stilt ut arbeidet sitt er møbelsnekkar Audun Rhønebæk Stikbakke. Ut frå ei nyhogd bjørkekubbe byrja Audun arbeidet på kubbestolen i vår, men livet som nybakt far, ferdigstilling av masteroppgåve i folkekunst og ny jobb gjorde at kubbestolen blei ståande uferdig heilt til over sommaren.  Då hadde kubbestolen fått fleire sprekkar. Men utstillingsansvarleg Eva K. Flatin ville gjerne ha stolen med likevel, om enn bare for å vise arbeidsgangen, fortel Stikbakke. «Eg hadde byrja å tvile på at eg kunne bli ferdig, men så såg eg at ein kunne bruke sprekkane til noko», seier han.

I sprekkane sette han tresløyfer som held treet saman. Men dess fleire sløyfer han sette i, dess meir sprakk det. «Eg trur eg sette i siste sløyfa dagen før utstillinga, og eg må sikkert setja i eit par til når eg kjem heim», seier Stikbakke. For treet i stolen turkar og lear seg heile tida. «Eg var vel ein av dei som var veldig glad for at det var så mykje regn på Dyrsku’n, for då sprekk stolen mindre», ler han.

Og om nokon lurar på kvifor kubbestolen er såpass trong i sessen, så er det med overlegg.

«Kubbestolar har ein tendens til å framprovosere felespel, og det ville eg stoppe. Det er godt å ha ein kubbestol der det er fred og ro».

Dette er ein kubbestol til å stole på, om ein ynskjer litt fred frå felespel, lovar møbelsnikkar Audun Rhønebæk Stikbakke.

Yngste deltakar

Årets yngste deltakar, og kanskje yngste nokon sinne er Eva Kristine Bjercke. I skuleåret 2015/2016 laga ho ein tova pyntehatt i ull. Då gjekk ho i tiande på ungdomsskulen. «Det var ei designoppgåve i kunst- og handverktimane, så då laga eg denne hatten», fortel ho.

Med ei mor som er filtmakar hadde Eva Kristine ein del erfaring med ull og toving, men det var fyrste gong ho prøva seg på eit slikt prosjekt. Og det gav utteljing på Husflidstevlinga der pyntehatten vann 3.premie. «Det var veldig gøy å få ein premie», smiler Eva Kristine.