Dyrsku'n 9.-11. september 2022

Klikk her for å kjøpe billetter

Prisdryss for norsk mat og drikke

Under opninga av årets Dyrsku’n får du møte produsentane bak nokre av dei beste mat- og drikkeprodukt i landet.

11.09.2019

Det Norske Måltid er no landets viktigaste og mest prestisjefylte prisutdeling for mat- og drikkevarer. I september kjem dei til Seljord og Dyrskuplassen for å presentere tre finalistar i tre kategoriar. «Dei leitar etter det mest utsøkte innan norsk mat og drikke», seier Tove Hoppestad, matansvarleg i Dyrsku’n. Ho meiner det er viktig for matfokuset til Dyrsku’n at Det Norske Måltid har valt å kome til akkurat Seljord. «Og både finalistane og Det Norske Måltid er veldig nøgd med at presentasjonen skjer under opningsprogrammet», fortset ho.

 

Statsråd kastar glans

Det er statsråd i Landbruks- og matdepartementet, Olaug Bollestad, som skal presentere finalistane i Det Norske Måltid. Hoppestad seier at det er viktig at Bollestad er på Noregs viktigaste og største landbruksmesse. «Og det er fint for statsråden å få enda betre kjennskap til konkurransane og produsentane. Ho har eit stort felt å ta vare på», seier Hoppestad.

 

Det Norske Måltid

Den viktigaste og mest prestisjefylte prisutdelinga for mat og drikke i Noreg
Arrangert kvart år frå 2008
Kårar dei beste mat- og drikkeprodukta i 13 kategoriar i Noreg
Tre finalistar i kvar av kategoriane Årets grønt, Årets grønt foredla og Årets bakst blir presentert under opninga av Dyrsku’n 2019
Etter delfinalar fleire stader i landet, blir dei 39 finalistane vurdert av ein fagtung jury
Finalen blir arrangert i Stavanger 10. januar 2020
Årets lokalmatgründer

Bollestad skal også dele ut fleire prisar under opninga i år. Prisen Årets lokalmatgründer er ei påskjøning og ein hyllest av ein eller fleire gründerar og konsepta deira. Hanen er næringsorganisasjonen for bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske, og dei jobbar for å fremje og sikre utviklinga av norsk mat og kulturarv. Kvart år deler dei ut prisen saman med Meny, og det er andre gong Årets lokalmatgründer blir delt ut på Dyrsku’n. 

 

Finalistane i Årets Lokalmatgründer 2019:

Oppheim Gård, Ål kommune
Lofoten Seaweed, Napp i Lofoten
Stølsvidda/Fjellgris frå Valdres, Fagernes
Ostebygda, Hol kommune
Bleie Gard/Alde, Hardanger
Balholm, Balestrand

Juryen består av:

Hilde Charlotte Solheim, juryleiar (styreleiar i Destinasjon Røros)
Eivind Haalien, kategorisjef i lokalmat og spesialitetar i NorgesGruppen
Anne Jødal Skuterud, styreleiar i Felleskjøpet Agri
Bernt Bicher Johannessen, dagleg leiar i Hanen
Årets matprodukt

Årets matprodukt Dyrsku’n 2019 er landbruksmessa sin eigen pris. Han skal inspirere til kreativitet innanfor produktutvikling basert på lokale råvarer og tradisjonar. «Nytt i år er det at vi har to kategoriar: Årets foredla produkt og Årets naturell/ubehandla produkt», seier Hoppestad. «Vi håpar desse prisane kan vere til inspirasjon og synleggjering av vidareforedling, samt vise fram alle dei flotte råvarene som vert produsera i det langstrekte landet vårt».