Rørosmeieriet lagar meieriprodukt med høg kvalitet med utspring i rike mattradisjonar frå Røros-traktene og med godt meierifagleg handverk.
Meieribestyrer Trond Vilhelm Lund i Rørosmeieriet vil ha foredrag i Møt Landbruket laurdag 9. september kl. 13.15. Tittelen på foredraget er «tilbake til framtida» – om korleis Rørosmeieriet etterlever sin visjon «I takt med naturen».
Her vil han snakke om Rørosmeieriet si målsetting som Noregs fremste økologiske meieri,
om kva økologi er, om det er forskjell på monokultur og fleirkultur eng ?
Om ein kan ta meirpris for meir grovfor og mindre kraftfor.
Han vil dele betraktningar rundt berekraft, om lokal verdiskaping og matproduksjon, og om framtidas/klima -mjølk.
Ein får høyre om tjukkmjølk som er Noregs fyrste godkjente BB-produkt, basera på ein unik tettekultur, om minst mogleg prosessering og kunstige tilsetningar i produkta.
Foto: Tom Gustavsen