Dyrsku'n 8.-10. september 2023

Klikk her for å kjøpe billetter

Satsar stort på lokalmat

Dyrsku’n Arrangement AS inngår samarbeid med næringsorganisasjonen HANEN for å ytterlegere utvikle satsinga på lokalmat i forbindelse med Dyrsku’n. Saman skal partane jobbe for å fremje lokalmatprodusentane i Noreg og auke kunnskapen om norsk mat.

16.11.2021
Dyrsku'n Arrangement AS inngår samarbeid med næringsorganisasjonen HANEN for å ytterlegere utvikle satsinga på lokalmat i forbindelse med Dyrsku'n.

Som Noregs største mat- og landbruksmesse er vi brennande opptatt av norsk mat og vi er svært glad for å inngå samarbeid med den nasjonale næringsorganisasjon for gardsmat og bygdeturisme HANEN. Dyrsku’n samarbeider breitt med ulike organisasjonar innan norsk mat og landbruk og var tidleg ute med å fremje lokalmatprodusentar gjennom etablering av Matkvartalet i år 2000.

Styrkar norsk landbruk

Interessa for norsk mat har hatt ei formidabel utvikling blant gjestene våre og Dyrsku’n har hatt fokus på å syne eit breitt spekter frå det store mangfaldet innan norsk mat, gjennom ein god kombinasjon av både veletablerte og nye verksemder. Det er utruleg gjevande og meiningsfullt å kunne vere med på å styrke norsk landbruk og å fremje den fantastiske norske maten rundt omkring i landet, seier dagleg leiar Geir Helge Espedalen.

HANEN ein nasjonal samarbeidsaktør

HANEN er eit nettverk for opplevingsverksemder knytt til bygdebasert reiseliv og landbruk i Noreg. HANENs kjerneverdiar er kultur, berekraft, omtanke og opplevingar. Organisasjonen har nærare 550 medlemmer over heile landet. HANEN står bak mange kjente aktivitetar som til dømes Oste-VM i Bergen i 2018, Årets Lokalmatgründer saman med bla. Dyrsku’n, og no sist Noregs beste gardsbutikk.
Dagleg leiar i Hanen, Bernt Bucher-Johannessen ser på Dyrsku’n som ein unik arena for å fremje norsk matproduksjon, med sitt fokus på både produsent og forbrukar. Saman skal vi bli enda betre til å fortelje den norske forbrukaren om den norske maten, som er noko av det ypparste i verda både når det gjeld kvalitet og berekraft.

Felles ambisjonar

Norsk mat har hatt ei fantastisk reise dei seinare år, og saman skal vi nå ut til endå fleire gjennom det store talet besøkande som årleg besøker Dyrsku’n i Seljord. Dyrsku’n er ein nasjonal arena med ein stolt historie og eit stort potensiale for å bli fylt med enda meir av all den gode maten og drikka som engasjerte bønder produserer i dag.

Dyrsku'n Arrangement AS inngår samarbeid med næringsorganisasjonen HANEN for å ytterlegere utvikle satsinga på lokalmat i forbindelse med Dyrsku'n.

Dyrsku’n Arrangement AS inngår samarbeid med næringsorganisasjonen HANEN for å ytterlegere utvikle satsinga på lokalmat i forbindelse med Dyrsku’n. Frå venstre Geir Helge Espedalen, Margit Nordstoga Aasan, Agneta Linden Moen, Marit Mæland, Yvonne Eilefstjønn, Elin Hodne, Mariel Bull Jensen og Bernt Bucher-Johannessen.