Paret har vore kjærastar i 7 år, og allereie forlova i 4 av dei. Det var på tide å ta steget vidare som rette ektefolk. Dei har snakka om sitt eige bryllaup i fleire år, men berre vore gjest i andre sine. Mens Hans-Martin sov på sofaen sendte Linn-Therese inn søknad til Dyrsku’n om å bli vigsla og smidd i hymens lenker på Dyrsku’n 2019. Det var først etter nokre dagar brudgommen fekk vite om søknaden som var sendt inn.
Tida gjekk og fristen var ute, og dei slo det frå seg. Det hadde sikkert blitt valt ut eit anna par? Når telefonen til Hans-Martin ringte frå Dyrsku’n måtte han sette seg ned, stum som ein østers. No blei det omsider fastsett ein dato for bryllaup! Familien på begge sider synast det var moro at nettopp dei vart valt ut, og tenkte nok «det er typisk Linn-Therese å sende inn søknad til noko slikt».
Linn-Therese jobbar som barne- og ungdomsarbeidar for ein skule for barn med høyrselshemmingar og andre funksjonsutfordringar. Hans-Martin jobbar i Felleskjøpet på heiltid, og som avløysar i ledige stunder. Dei møtte kvarandre på eit hagesenter der ho var ekstrahjelp og han jobba som gartnar, og saman har dei fått ei skjønn, lita tulle på 2 år. Ein framtidig, felles draum er å kunne leve av gardsdrift, og dei har eit stort engasjement for den norske bonden og det norske landbruket.
Dei har som tradisjon å besøke Dyrsku’n, han har vore her 17 gonger tidlegare og ho 6 gonger. Kvar haust tek dei turen for å kjenne på stemninga, ete norskprodusert mat og tjuvstarte litt på jolegåve-handelen. Dyrsku’n markerer alltid starten på hausten for dei to med tradisjonen dei har laga seg å besøke marknaden kvart år. I år blir det ein litt annleis Dyrsku for paret, men dei planlegg å fokusere på kvarandre og ikkje på all viraken rundt dei.
Familie og venner har ikkje funne anledning til å reise opp til Seljord tidlegare, men i år har dei vel ikkje stort val? Mange av dei skal få oppleve Dyrsku’n for fyrste gong når ektepar nr. 14 står framfor Sterke Nils-stoga på Dyrskuplassen laurdag 14. september.