Show og selfies avslutta Dyrsku’n

Sjeldan har det vore så mange inne til familieunderhaldninga frå scenen som i år.

10.09.2017

Fenomenet Lothepus med band var trekkplaster, saman med populære Katastrofe og buktalar Erik Mogeno.

«Dette er så jæ… bra», kom det frå ein unggut som stod sammen med kameratar og høyrde på Lothepus. Kameratane stod breibeinte og nikka og digga.

Etter at Lothepus var ferdig med konserten, strøymde folk ut til standen hans, der han signerte og stilte opp på selfies.

Etter ei omriggingspause kom Katastrofe på scenen og gav publikum eit musikalsk show med trøkk. Små og store hoppa opp og ned, klappa og song for full hals. Eit flott punktum før portane til Dyrsku’n 2017 blei stengde.