STIMULERINGSPRISEN 2018
Stimuleringsprisen skal gå til ein handverkar som utmerkar seg med godt arbeid og til stimulering for vidare arbeid.
Stimuleringsprisen 2018 går til Ronja Revilla Fagerheim for den klassiske handveska ho har levert i klassa for formgjeving i kategorien tekstil.
Dommarane seier: «Dette er eit arbeid som teknisk sett er fantastisk godt utført. I tillegg har handveska eit delikat, elegant og tidsrett formuttrykk der form følger funksjon.»
Ronja Revilla Fagerheim er ein ung handverkar som driv sin eigen verkstad i Fjone i Nissedal kommune, og som alt nå syner eit svært høgt nivå innan sitt fagområde. Ved å bevisst velje å fokusere på berekraftige material av god kvalitet, vil produkta hennar halde seg i lang tid. og det blir svært spanande å fylgje utviklinga vidare.
Prisen er gjeven av Dyrsku’n Arrangement AS og lyder på kr 5.000,- i tillegg til diplom.
DIPLOM FOR GODT HANDVERK FRÅ NORGES HUSFLIDSLAG 2018
Diplomet vert gjeve til utøvarar som utmerkar seg med eit særs godt handverk i tevlinga.
Produktet må oppfylle minst to av fylgjande kriterier:
Produktet skal vera ei vidareføring av norske handverks- og husflidstradisjonar
Kreativitet og nytenking skal lønast
Produktet skal syne fagkunnskap
DIPLOMET VERT I 2018 GJEVE TIL:
Evy Eilertsen mottek Diplom for godt handverk frå Norges Husflidslag for sin rosesaum til Tinn-bunad. Broderia er utført på frihand og på eit særs høgt teknisk nivå. Saman med formspråket gjev ein dristig fargebruk eit spanande, men likevel harmonisk uttrykk.
Monica Kjellman-Chapin mottek Diplom for godt handverk frå Norges Husflidslag for sine smidde vegg-ur. Klokkene har ein veldig god og vakker utføring teknisk sett, og framstår som både spanande og velbalanserte i sitt formspråk.
Birger Bergland mottek Diplom for godt handverk frå Norges Husflidslag for sin kubbestol laga av ei sølvlønn som vart planta i 1880. Det er utvist ein heilt eksepsjonell forståelse av både materiale og prosess, og stolen har fått ein dristig, men velkomponert utforming.