Foto: Stimuleringsprisen 2019 går til Michal Wunderlich
Dei fyrste arbeida byrjar å koma inn alt i juni, og spenninga er stor når pakker, askar og posar blir opna opp i august. Nivået jamnt over har vore særs høgt i år, noko som vart understreka av imponerte dommarar under dømminga, og heile 58 arbeid nådde opp til ein fyrstepremie. Likevel har enkelte arbeid peika seg ut som spesielt godt utført, og har difor blitt tildelt spesielle prisar og diplom.
STIMULERINGSPRISEN
Stimuleringsprisen skal gå til ein handverkar som utmerkar seg med godt arbeid og til stimulering for vidare arbeid.
Stimuleringsprisen 2019 går til Michal Wunderlich, som har smidd og platedrive ei flott statue av ein mannsfigur i naturleg storleik. Dommarane har kun lovord å seie om arbeidet, og gratulerer utøvaren med det dei omtalar som «eit fantastisk flott utført arbeid!»
Vidare seier dommarane: «Arbeidet er nyskapande i form og uttrykk. Teknikken med å forme plater i enkeltdelar og sveise dei saman er krevjande, og svært godt utført. Arbeidet vitnar og om god forståelse for anatomi. Kontrasten mellom realisme og abstraksjon gjev eit spanande resultat.»
Michal Wunderlich er opprinneleg frå Tsjekkia, og er tilsett som lærar for smedfag ved Odda Vidaregåande Skule. Han bidreg og med kunnskapene sine på Sterke Nils-tunet på Dyrsku’n, og er både ein dyktig handverkar og ein god formidlar.
NORGES HUSFLIDSLAG SITT DIPLOM FOR GODT HANDVERK
Norges Husflidslag sitt Diplom for godt handverk vert gjeve til utøvarar som utmerkar seg med eit særs godt handverk i tevlinga.
Produktet må oppfylle minst to av fylgjande kriterier:
• Produktet skal vere ei vidareføring av norske handverks- og husflidstradisjonar
• Kreativitet og nytenking skal lønast
• Produktet skal syne fagkunnskap
Mottakarane av Norges Husflidslag sitt Diplom for godt handverk under Husflidsutstillinga Dyrsku’n 2019 vert gjeve til:
• Rikke Kåsa for si fantastiske raudtrøyedrakt for barn, etter modell av dokkeklede på Norsk Folkemuseum.
• Bjørg Kristiansen White for sitt flotte og nyskapande teppe inspirert av filleryer og biletvev frå mellomalderen.
• Tor Vistnes for sine nydelege turkoppar laga i risknutar av bjørk, hvaltann og geiteskinn.
For å kunne motta Norges Husflidslag sitt diplom for godt handverk må arbeidet som er lagt ned vere av ypperste kvalitet, og årets mottakarar befinn seg i godt selskap med dei som har fått diplomet før. Her er mellom andre Kari-Anne Pedersen og Helga Fahre Bergland, som begge har vore del av prosjektgruppa bak Aust-Telemarkbunaden som vart gjeve til prinsesse Ingrid Alexandra i konfirmasjongåve i haust.
Kari-Anne Pedersen mottok Norges Husflidslag sitt diplom for godt handverk i 2011 for ein flott skjortekvarde, og Helga Fahre Bergland fekk diplomet for ei nydeleg bryllaupsskjorte i 2016.
I tillegg har Hilde Nødtvedt, som har vore del av same prosjektgruppe, og som har laga sylvet til prinsesse Ingrid Alexandra sin bunad, vore dommar i kategori for sylv i Husflidsutstillinga Dyrsku’n dei to siste åra.
Koblinga til prinsessebunaden vert endå sterkare gjennom Rikke Kåsa si raudtrøyedrakt for barn. Drakta er nemleg laga etter modell av ei av dokkene ved Norsk Folkemuseum som og har vore inspirasjonskjelde for arbeidet med prinsessebunaden.
Vi gratulerer mottakarane av Stimuleringsprisen og Norges Husflidslag sitt diplom for godt handverk i Husflidsutstillinga Dyrsku’n 2019.
Prosjektgruppa bak prinsessebunaden:
• Kari-Anne Pedersen (Majorstua, Oslo) Forskning, konsulent: Brodering av skjorte og forkle, farging av diverse bånd og kantinger
• Camilla Aspenes Goffeng (Hølen): Tilskjæring og montering av stakk, liv og skjorte
• Hilde Nødtvedt(Vinderen, Oslo): Sølvsmed, kopi av Majasøljen
• Helen Juell (Tønsberg/Oslo): Perlebroderi/broderi og søm av rødtrøya, broderiveileder for Dronningen
• H.M. Dronningen: Brodering av Vadmelsstrømpene
• Helga Fahre Bergland (Lunde i Telemark): Brikkevev, belte og forklebånd
• Torkjell Sletta (Tuddal i Telemark): Brikkevev, vippebånd til håret
• Gro Sletta (Tuddal i Telemark): Fletting av sokkebånd
• Thea Glimsdal Temte (Det kongelige hoff): Prosjektleder, utarbeidelse og søm av serk
(Kongehus, Det Norske, 2019)
Kjelder:
Kongehus, Det Norske. (2019, 09 01). Det Norske Kongehus. Hentet fra Prinsessens bunad: https://www.kongehuset.no/nyhet.html?tid=171982&sek=26939
Norsk Folkemuseum. (u.d.). Digitalt Museum. Hentet fra Norsk Folkemuseum: https://digitaltmuseum.no/011023122791/dukke