Dyrsku'n 9.-11. september 2022

Klikk her for å kjøpe billetter

Stor auke i produkt til husflidstevlinga

Husflidsutstillinga på Dyrsku’n er populær som aldri før.

15.09.2019
Husflidstevlinga på Dyrsku'n er Noregs største tevling i husflid, handverk og design

I år var det auke i talet på innleverte produkt i alle kategoriar utanom rosemåling.

 

 

-Det viser at vi må lyfte rosemålinga neste år, men elles er eg strålande fornøgd, seier Eva Kristin Flatin som er ansvarleg for utstillinga.

Det er stor spennvidde i produkta som er sendt inn og det er artig at det er 16 prosent auke i deltakinga. Spesielt gledeleg er at dei som var nye i fjor, kjem att i år med nye produkt.

Tre produkt fekk diplom for godt handverk. Det var Rikke Kåsa for si fantastiske raudtrøyedrakt for barn, etter modell av dokkeklede på Norsk Folkemuseum.

 

Bjørg Kristiansen White for sitt flotte og nyskapande teppe inspirert av filleryer og biletvev frå mellomalderen. Og Tor Vistnes for sine nydelege turkoppar laga i risknutar av bjørk, kvaltann og geiteskinn. -Tilbakemeldingane frå deltakarane og publikum har vore «For ei tevling!», seier ei nøgd utsillingsansvarleg.

TRYKK HER FOR PREMIELISTA PÅ HUSFLID