Johan Lindeqvist`s Sølvkande for åra 2022 til og med 2024
- september 1866 fekk statsagronom Johan Lindeqvist kanna som takk for sin store innsats for ”Tellemarkens Kvægavl”. Sida år 1900 har prisen blitt delt ut til organisasjonar og gardbrukarar som har utmerka seg i arbeidet med å ”fremme kvegavlen i Bratsberg Amt.”
Prioritert målgruppe sida 2016 er enkeltpersonar, lag og organisasjonar som kan vise til særs godt arbeid innanfor miljømessig riktig og lønnsam kjøttproduksjon på storfe.
For perioden 2022 til og med 2024 går prisen til Anita Høidalen i frå Lunde.
I tillegg til vandrekanna får dei eit diplom utforma av kunstnar Borghild Telnes.

Anita Høidalen fekk Johan Lindeqvist´s Sølvkande 2022-2024
Grunngjeving; – Avlsarbeid er svært viktig for å få fram gode avlsdyr og bruksdyr. Anita har satsa på ein litt spesiell rase, nemleg Tiroler Grauvieh, også kalt gråfe. Dette er ein nøysam rase som gjev mykje mjølk og store kalvar ved avvenning. På den siste mordyrlista frå Tyr har Anita fire kyr blant dei ti beste innan rasen. Dette er svært bra uansett rase. Ho oppretthelder kulturlandskapa i store delar av kommunen med beitedyra.
Anita har også vore aktiv i høve til Dyrskun og utstilling av dyr der. Ho var ein pådrivar for å få godkjent Tiroler Grauvieh – Gråfe som eigen ammekurase. Ved sal av gode livdyr kan fleire få glede av nøysame kyr som produserer ålreite slakt og godt kjøt.
Hans Kleppens Vandrekrus 2022 og 2023
Sylvkruset frå 1931 er ei gåve frå bonde Hans Kleppen, Gjerpen til Telemark Landbruksselskap. Kruset skal nyttast til framhjelp av fehaldet i fylket og utmerkinga har vore dela ut på Dyrsku`n sidan 1950.
Hans Kleppens Vandrekrus skal kvart andre år delast ut til enkeltpersonar og lag i Norge som fremmar verdien av Telemarkfe.
Prisen delast for 2022 og 2023 ut til Landslaget for Telemarkfe.
I tillegg til vandrekruset får dei eit diplom utsmykka av kunstnaren Borghild Telnes.

Landslaget for Telemarksfe får Hans Kleppens Vandrekrus 2022-2023
Grunngjeving: – Landslaget for Telemarkfe fyller 100 år i år. Dei har hatt orden på rasestandard og godkjenning av avlsdyr i ei årrekkje. Dermed kan ein få fram gode framtidige kyr som alle veit er telemarkskyr. Utan eit aktivt avlsarbeid og folk som ser nytten av det vil ein aldri klare å oppretthalde ein rase.
Landslaget for telemarkfe er eit lag som stør opp om interessa for telemarkskyr i heile landet. Slik vil ein forhåpentlegvis kunne bevare rasen for framtida også.
Prisen består av den tradisjonsrike vandrekanna og et diplom dekorert av kunstner Borghild Telnes.
I juryen for dei to prisane sit:
Hilda Vaa, leiar, styremedlem Telemark Landbruksselskap
Mona Olsrød, representant Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Landbruksavdelinga
Sveinung Kjellemo, representant Tyr Telemark
Sigbjørn Haslemo, representant Landslaget for Telemarkfe