Om du er interessert i kjøttfe, bør du merke deg området mellom Husdyrhallen og Sterke Nils-tunet. Her blir det temjing av kjøttfe, i tillegg til at dyra står ute i bingar for dei skodelystne heile helga. Lina Aasan, ansvarleg for kjøttfeutstillinga på Dyrsku’n, fortel at det er andre året det blir guida omvisingar gjennom området kvar dag. Her tek ein kjøttfeprodusent eller ein konsulent i TYR deg med frå binge til binge og fortel om kjøttfeproduksjon og om dei forskjellige rasane som står på plassen.
«Her er eit høve til å sjå dyra på nært hald og få svar på spørsmål om produksjonen», seier ho. «Vi håper at publikum lærer litt om produksjonen og ser verdien i å ha kjøttfe i Noreg. Vi håper også at dei har glede av å sjå dyra på Dyrskuplassen».
Rett frå beite
For tredje år på rad blir det demonstrasjon av temjing av kjøttfe rett frå beite. Dei er verken tamme eller sosialisert, men kan bli leigetamme på berre nokre minutt når ein har dei rette teknikkane og triksa. Som dei førre to åra er det også i år danske Søren Brydsø som demonstrerer temjing på Dyrsku’n. Danskane er kjent for å vere flinke til å temje og stille ut dyr. Valet av høglandsfe er ikkje tilfeldig. Det er ein roleg og behageleg rase av natur, sjølv om ungdyra framleis kan vere utilreknelege. For å temje dei må difor Brydsø ta i bruk alle dei enkle triksa han brukar.
Utstilling
Det blir sjølvsagt utstilling av kjøttfe, i samarbeid med TYR. Målet er å vise fram dei beste av dei beste i dei ulike rasane, forklarar Aasan. «Det er få utstillingar av kjøttfe i Noreg samanlikna med andre land i Europa. Utstillinga på Dyrsku’n er eksklusiv og verdt å få med seg». Dommarane skal sjå på eksteriør, lynne og bevegelse. Dei ulike rasane er delt inn i to klasser: kvige og ku med kalv. Dyra blir bedømt på eksteriør på førehand, før lynne og bevegelse blir vurdert og bedømt i ringen. Der blir også eksteriør-vurderinga presentert. Dyra blir premier for fyrste, andre og tredje plassering, og det blir kåra ein Best i rase (BIR), Best in show (BIS) og Best i motsett rase (BIMR).
Alle dagar:
Guida turar i kjøttferingen: «Frå avl til biff»
Sjå ulike kjøttferasar på utstillingsområdet
Fredag 13. september:
kl. 11.30 Temjekurs med Norsk Highland Cattle
kl. 13.00 Utstilling/framvising av kjøttfe
kl. 18.00 Premieutdeling