Tidsbilete: Fransk Visitt

Gjekk du glipp av spelet i dag har du siste sjanse sundag kl 13:00 på Sterke Nils-tunet

10.09.2022

Tidsbilete «Fransk visitt» handlar om den franske luftballongen som falt ned på Lifjell i 1870.

Knut Espelid, Reidun Øverland og Ragnar Haugstøl har tilrettelagt for denne folkelivsskildringa.

Spelet er sett opp kvar dag under Dyrsku´n på Sterke Nils-tunet.

Fransk Visitt

Ballongferda i 1870

I november 1870 var Paris under beleiring av Preusiske styrkar. Paris var avskore frå omverda, og for å få ut livsviktig kommunikasjon til franske militære styrkar bak dei preusiske linjene, brukte dei varmluftsballongar. I slutten av november 1870 blei ein ballong sendt opp frå Paris. Målet var å nå fram til franske leiande offiserar med ein plan om felles fransk offensiv mot dei preusiske styrkane.

Denne ballongen letta frå Paris, men blei tatt av ein kraftig vind som førte ballongen nordover. 15 timar etter at ballongen letta i Paris hoppa to franske ballongfarerar ut i eit snødekt landskap på Lifjell i Telemark. Den første luftferda over Noreg var eit faktum.

Ballongen blei tatt vidare til Krødsherad utan mannskap. Ballongfarerane var relativt medtekne etter den strevsame turen, og søkte ly i ein lita tømmerkoie dei kom over. Brørne Klas og Harald Strand var ute på tømmerhogst då dei fann dei fortumla franskmennene.

Dei tok dei med til garden sin, og gav dei mat og varme der. Seinare blei dei ble rodd til Seljord og tatt med til Klomset. Franskmennene ble tatt imot som helter og blei feira overalt på  reisa si mot hovudstaden. Langt om lenge kom de seg til Christiania og drog seinare  tilbake til Frankrike. Ballongferda blei ein internasjonal sensasjon, og i Frankrike fekk ballongfarerane heltestatus livet ut. Heilt tilfeldig blei altså vesle Seljord ein del av ei historisk hending heilt utanom det vanlege.

 

Kjelde: https://www.visitnorway.no/listings/ballongfararsteinen/20592/