Ung deltakar

Aurora (12 år) har delteke i rekruttklassa i kategorien for tekstil

12.09.2018

Aurora Haugen har delteke i rekruttklassa i kategorien for tekstil under Husflidstevlinga Dyrsku’n 2018 med ein strikka Rompestompe-shorts til baby og med eit par Marius-vottar. Aurora er 12 år.

 

Oppskrifta til Rompestompe-shortsen, som ho har fått ein 3. premie for, er henta frå strikkeboka «Klompelompe – strikk til baby, barn og voksen», men Aurora har sjølv designa mønsteret og tilpassa oppskrifta til barnet shortsen er laga til.
Dommarane grunngjev plasseringa med at «Fargane er samstemte og fint tilpassa designet. Mønsteret er fint tilpassa fasongen, og stemmer rundt heile plagget.», før dei innstendig oppfordrar Aurora til å fortsette med design og strikking framover.

Dyrsku’n Arrangement AS/Fagansvarleg for husflid, Eva K. Flatin, synast det er heilt fantastisk å få sjå arbeida til ein så ung og dyktig handverkar i Husflidstevlinga, og er spent på å sjå kva Aurora finn på vidare.