Foto: Eksamenskjoler frå studentar ved Kreativ maskinstrikk 1 i 2018 ved Universitetet i Sørøst-Norge, campus Rauland
«Husflidsutstillinga Dyrsku’n – tevling i handverk & design» har mange trufaste deltakarar og tilhengarar. I tillegg jobbar vi kontinuerleg for at yngre deltakar- og publikumsgrupper skal oppdage Dyrsku’n som arena, både for å lære, syne fram arbeida sine og ikkje minst for å vere med på å inspirere andre og bringe handverkstradisjonane våre vidare.
Det samarbeidet vi har med ulike utdanningsinstitusjonar blir difor vekta særs høgt, og vi er stolte av å kunne syne fram elev- og studentarbeid frå tre ulike utdanningsinstitusjonar i år.
Seljord Ungdomsskule
10. klasse ved Seljord Ungdomsskule syner fram ei sjølvvald oppgåve i tradisjonshandverk, der rundt 20 elevar valde å lage tollekniv. Elevane fekk utdelt ferdig smidde knivblad, for deretter å forme og lage både skaft og slire til knivane sine under rettleiing av faglærar Halvor Kvaale Rue. Du kan sjå om lag 15 av desse knivane i Husflidsutstillinga.
Universitetet i Sørøst-Norge, campus Rauland
Frå USN Rauland er det i år etter- og vidareutdanninga Kreativ Maskinstrikk 2 som representerer universitetet. Dei syner 5 spanande antrekk som er resultat av ei todelt fordjupingsoppgåve i maskinstrikking, leia av universitetslektor Marit Buset.
I den fyrste delen av oppgåva skulle studentane eksperimentere med tradisjonell ribbteknikk, for så i den andre delen av oppgåva å bruke eksperimenta som inspirasjon og bakgrunn for eit ferdig antrekk i eige design.
Universitetet i Sørøst-Norge, campus Notodden
Fire 2. klasse-studentar frå faglærarstudiet i design, kunst og håndverk ved USN Notodden syner treoppgåva «SKIVE», der utgangspunktet var å gje eit tradisjonelt møbel eit moderne og samtidig formspråk. Under rettleiing av avdelingsingeniør Tore Risnes har studentane mellom anna lært å bruke laserkuttar/printer, som så er nytta for å lage dekor på skivene.
I tillegg syner ein av studentane fram utprøvingar i kolrosing, som del av ei oppgåve i introduksjon til arbeid i rått tre og sveipeteknikk. Gjennom oppgåva har studentane fått erfaringar knytt til treet si formbarheit og tørkeprosess. Utprøvingane i kolrosing er inspirert av japansk kunst og pop-kultur, og spelar på lag med mønsteret som alt finst i kvistar og årringar i treet.
Kilder:
Buset, M. (2019, August 2.). Universitetslektor. (E. K. Flatin, Intervjuer)
Risnes, T. (2019, August 1.). Avdelingsingeniør. (E. K. Flatin, Intervjuer)
Rue, H. K. (2019, August 1.). Faglærar. (E. K. Flatin, Intervjuer)
Skaugrud, B. (2019, Juli). Maskinstrikking. Hentet fra Norsk Strikkeforbund – På Pinnen nr. 2 2019: https://www.norskstrikkeforbund.no/pa-pinnen-nr-2-2019/
Skaugrud, B. (2019, August 2.). Student. (E. K. Flatin, Intervjuer)