Brannvern

Informasjon og reglar for branntryggleik på Dyrskuplassen
Vi ynskjer at alle skal vere trygge på Dyrskuplassen. Les informasjonen om brannvern nøye!

AVSTANDAR – CAMPING 

På grunn av omsyn til smittefaren ved brann må ingen del av campingeininga (campingbil, campingvogn, telt) plasserast nærare slik eining tilhøyrande annan brukar enn 4 meter.  Unntak kan gjerast for bil utan natteopphald, som kan plasserast i slikt 4-meters mellomrom like inntil anna del av eigen campingeining.
For kvar 1000 m2 med campingeiningar, skal det vere eit seksjoneringsbelte på minst 8 meter.  Dette beltet skal hindre ein brann i å smitte over, samt at det skal gje sløkkjemannskap fri veg.
Campingvogner skal plasserast med draget tilgjengeleg for rask tilkopling til bil ved evt. evakuering.

RØYKVARSLARAR OG SLØKKJEUTSTYR
Alle campingeiningar skal vere utstyrt med røykvarslar og eit handsløkkjar apparat (min. 6 kg ABE). Dette er først og fremst for din eigen tryggleik.  Ein røykvarslar vil pipe ved tilløp til røyk i vogna og vil gje deg eit tidleg varsel, slik at du kan komme deg i sikkerheit.
Det er eigar av campingeininga som har ansvaret for at dette er på plass.

VED BRANNTILLØP
Alle tilløp til brann skal straks meldast på tlf. 110.  Opplys namnet ditt, kvar du er og kva som har hendt. Prøv å sløkkje og hugs å varsle dei som er truga av brann. 

BRUK AV BAR ELD
Det er ikkje tillate med brenning av bål på plassen utan godkjenning. Det er heller ikke tillate med eingongsgrill. Grilling skal berre skje ute. Det skal vere minst 1 meter avstand frå telt og campingeining.  Forlat aldri ein glødande grill og bring restane av grillkolet til eigen avfallsdunk som er merka «Avfall frå grill» eller «Brannfarleg avfall». 

PROPANLEKKASJE

Dersom du oppdagar propanlekkasje, skal hovudkrana straks stengast og reguleringsventilen koplast frå flaska.  Stans all bruk av open eld.  Lokaliser lekkasjen; er den frå flaska, bring straks flaska vekk frå campingplassen. Varsle brannvesenet.


VIKTIGE TELEFONER

Brann 110     
Legevakt: Akutt 113 / ambulanse 116117  
Politi (nød) 112 
Politi når det kan vente litt 02800  
Beredskapsleiar 917 49 088
Arrangementsleiar 977 11 138