Standplassar

Tilbud
På Vårmarknaden kan alle få plass, men vi prioriterer dei som sel brukt, antikk, vintage og/eller retro-produkt

Vi har kun utandørs standplassar.

Uteplassane er i all hovudsak gras eller grus som underlag. Djubda på standane varierer litt og er mellom 5-7 meter. Vegane på marknadsområdet er gode asfalt- og grusvegar. 

Pris 

Utestand kr. 125,- pr. frontmeter eks. mva.

Det er ikkje mogleg å tinge plass på førehand. Du betaler standleige ved oppmøte på Utstillarkontoret, og blir vist tilmålt standplass av tilvisarane våre. 

Det vil ikkje vere mogleg å selje serveringsmat på Vårmarknaden, utstillarar som sel dette vil dessverre bli avvist.

NB! Alle salsplassar skal ha minimum 1 stk. 6 kg brannslokkingsapparat. Kontroll vil bli gjennomført. Dei som manglar slikt apparat vil bli pålagt å skaffe dette under marknaden.


Utstillarkontoret opnar for innsjekking torsdag 21. mai.