Reglar

Her får du svar på praktiske spørsmål som utstillar på Dyrsku'n
Bli kjent med reglane som utstillar på Vårmarknaden

                                                                                      
Dyrsku’n Arrangement AS har vedteke følgjande reglar for utstillarane under Vårmarknaden

STAND
Vi har kun uteplassar.
Underlaget er gras eller grus, vegane mellom standfelta er i all hovudsak gode asfalt- og grusvegar. Djubda på standane varierer litt, og er mellom 5-7 meter. 

ULOVLEGE VARER
Plakatar og annan reklame kan ikkje setjast opp eller distribuerast utanom eigen stand, dersom anna ikkje er avtala med arrangør. 
Ulovlege varer: Sal av el-røyk, softgun, fjær/luftvåpen, kastestjerner, sverd, kinaputtar, springknivar o.l. er ikkje tillate. 
Sal av mat: Det er ikkje tillate å selje serveringsmat under Vårmarknaden. DAAS vil sjølv stå for alt matsal.
Ved påvist sal av ulovlege varer, vil utstillar bli bortvist frå marknadsplassen.

OPPRYDDING – SØPPEL - KJELDESORTERING
Kvar salsplass har ansvar for søppel og orden på og framfør standen. Det skal vere ryddig til ei kvar tid under Vårmarknaden. Etter utstillinga må alt gods vera fjerna frå utstillingsområdet. Dersom dette ikkje er skjedd, blir den einskilde utstillar belasta for utgifter med å rydde plassen. Grunna brannsikkerheit skal det ikkje oppbevarast papp/søppel på stand. Vi har kjeldesortering av avfall på Dyrskuplassen. Vi sorterer i følgande fraksjonar: papp, plast, emballera matavfall og restavfall.

BRANNSLOKKINGSAPPARAT 
Alle salsplassar skal ha minimum 1 stk. 6 kg brannslokkingsapparat. Kontroll vil bli gjennomført. Dei som manglar slikt apparat vil bli pålagt å skaffe dette under marknaden.

SKADER / FORSIKRING 
Utstillarane er sjølve ansvarlege for skader dei sjølve, folka deira, produkt, utstyr o.l. påfører bygningar, innreiingar, anlegg og personar. Utstillarane må sjølve ordne med all forsikring. Arrangøren dekker ikkje tap eller tilbakebetaling av utlegg (leige, avgifter o.l.) i samband med forhold som ligg utanfor vår kontroll; t.d. vêr, tredjemanns- og leverandørars handlingar, force majeure o.l. I alle høve kan det ikkje krevjast erstatning for indirekte tap. Dei som har særskilte behov for straum, bør ha dette i beredskap i tilfelle straumbrott. 

STRAUM 
Spenninga på plassen er 1-fasa 230V og 3-fasa 400V. Inntil 1,5 Kw er inkludert i standleiga. Det kan vera noko avstand til næraste koplingspunkt for straum, så vi rår utstillarane til å ta med rikeleg med skøyteleidning, berekna for utandørs bruk.

OVERNATTING
Utstillarar som har plass til det, kan overnatte på eigen stand.

Det vil i tillegg vere høve til å overnatte i eigen bubil, campingvogn eller liknande inne på eige campingområde under marknaden. Sjå eiga prisliste. NB! Alle som overnattar må ha brannslokkingsapparat i bu-eininga si! 

  
GJELDANDE LOVAR
Utstillarane har sjølv plikt til å følgje gjeldande lovar og reglar for sal, jf m.a. brukthandellova og lov om meirverdiavgift. Det er ikkje høve til å nyte alkohol i opningstida. 

OPNINGSTIDER

Marknaden er open for publikum fredag kl 12.00 - 19.00 og laurdag frå kl 09.00 - 19.00.

Utstillarkontoret vil vere opent frå fredag kl 08.00–22.00 og laurdag frå kl 08.00–19.00