Veteranbil

Veteranbilutstillinga samlar eit hundretals veteranbilar og køyretøy, blankpussa og klare for årets fyrste luftetur.

Både fredag og laurdag er det utstilling av veterankøyretøy på Vårmarknaden. Dei siste åra har det vore meir enn 100 blankpussa køyretøy som stillast ut.

 
For deg som har eit køyretøy som er meir enn 30 år, kan bil og sjåfør delta gratis på marknaden og utstillinga. Vi oppmodar om å stille i tidsriktige klede om du kjem med bilen/sykkelen din. Premiering i kvar klasse!