Opplevingar i Telemark

Sjøormtårnet i Seljord

onsdag 28. februar 2018

Sjøormbygda Seljord, i hjartet av Telemark, inviterar 25. mai til Vårmarknad på Dyrskuplassen. Dette er ein marknad med snart 20 års tradisjon som bygger på veteranbil/køyretøy og brukt og delemarknad.

I tillegg til marknaden, har Telemark mange opplevingar å by på. Ved å legge turen til Dyrskuplassen og Seljord for øvrig, er det mange ting som er innan rekkevidde for ei dags utflukt. For dei som har med seg noko å overnatte i (type campingvogn, telt e.l), har vi marknadscamping på plassen frå torsdag til sundag. Om de treng overnatting, er det sjølvsagt mogleg å skaffe dette og i nærleiken.


Vi ynskjer å invitere deg til ei helg der de kan oppleve marknad og Telemark på ei av dei finaste tidene på året. 

Sjå nokre forslag til kva Aust- og Vest-Telemark har å tilby HER
   
Om det er noko de lurar på eller noko vi kan bistå, må de gjerne ta kontakt med oss. Vi hjelper til så godt vi kan!

Håper å sjå dykk!

Nokre avstandar:
Seljord-Oslo                 Om lag 2 timar og 45 min(177 km)
Seljord-Bergen             Om lag 5 timar og 45 min(319 km)
Seljord-Haugesund       Om lag 4 timar og 30 min(282 km)
Seljord-Kristiansand      Om lag 3 timar og 10 min(200 km)
Seljord-Tønsberg          Om lag 2 timar og 15 min(147 km)