Vårmarknad 2018

Vårmarknad 25.-26. mai 2018

28. februar 2018

Telemarks største skattekammer finn du på Dyrskuplassen 25.-26.mai

Vi ynskjer velkomen til fine dagar på Noregs best utbygde marknadsplass. Her kan du gjere eit kupp om du er på leit etter antikvitetar, motordelar til den gamle bilen din, eller om du er på utkikk etter noko heilt spesielt. Sjansen er stor for at du finn det på nettopp Vårmarknaden! 

Fredag og laurdag er det veteranbilutstilling med over 100 blankpussa stoltheiter frå eit breitt spekter av årstal. Det blir kåra ein vinnar i kvart tiår, og det gjev plusspoeng for å stille i tidsriktige klede på utstillinga. Mange går rundt og er blanke i augo, og får nostalgiske augneblink med gjensyn av bilar frå barndommen.

Det er underhaldning for borna heile helga, kva med hoppeslott, fotballradar, partysklia, AirTrack, trampoliner, lykkehjul, fiskedam, tråtraktorar - for å nemne noko? Her betaler borna ein liten sum for å kunne bruke aktivitetane heile dagen - under oppsyn av vaksne.

Vil du bo midt i smørauget? Det kan du, på vårt godt tilrettelagde campingområde. Her er det tilgang til straum og sanitæranlegg, og du bor inne på Dyrskuplassen. Bli kjent med likesinna campere og nyt fine kveldar med grilling og selskapleg samvær.


Velkomen til Vårmarknaden 2018!