Bilutstilling og E-76

Bilutstilling på Vårmarknaden med amcar, veteranbilar og tungtransport

mandag 20. mai 2019

I år blir det ekstra mykje moro på Vårmarknaden på Dyrskuplassen i Seljord når plassen blir fylt med veteranbilar, Amcar og gamle skattar siste helga i mai.

I tillegg til salsutstilling, blir det auksjon, bilparade og levande musikk fredag og laurdag kveld for både lokalbefolkning og dei mange tilreisande som kjem til plassen. 

Vårmarknaden har eit tett samarbeid med både Vest-Telemark Motorhistoriske klubb og Eagle Car Club i Bø,  og det er venta storinnrykk av flotte veterankøyretøy og Amcar. «Vi opplever ei stor interesse for arrangementet og det er utruleg moro å samle så mange flotte køyretøy på Dyrskuplassen. I tillegg er det mange skattejegerar der ute som vil kunne finne mykje spennande på auksjonen laurdag ettermiddag, og blant alle utstillarane som er venta til plassen», seier dagleg leiar i Dyrsku’n Arrangement Geir Helge Espedalen. 

At det nettopp er E-76 som skal spele på laurdagskvelden er ingen tilfeldighet. Det folkekjære bandet frå Haukeli veit å lage god stemning med musikk som treff både dei unge og dei som hugsar slagerar som «Sauekjøt», «Raulandssongen» og «Asfaltcowboy». 

Laurdag blir mange av dei flotte køyretøya å sjå gjennom Seljord sentrum når det blir arrangert parade med deltakarane på bilutstillinga. Det blir også moglegheit for publikum å stemme fram sin favoritt i tillegg til ein fagjury som skal kåre den flottaste bilen.  

Fredag kveld spelar bøheringen Christian Pallesen med band på plassen. Bandet spelar ein kombinasjoBilun av egenskrivne låtar og cover frå country-sjangeren. Med open pub og matservering ligg det godt til rette for topp stemning og allsong også på Vårmarknadens fyrste kveld. 

I tillegg til camping på området som har blitt svært populært dei seinare år, blir det i år også eiga Amcar-camp