E-76 til Vårmarknaden

E-76, pøpp-skjønnur frå Vest-Telemark

14. mai 2019

Countryrock-bandet frå Vinje kjem og lagar liv i teltet på Dyrskuplassen 25. mai.

Vårmarknaden inviterer til ein festleg kveld i storteltet på Dyrskuplassen med matsal, pub og konsert med det populære bandet. Du har kanskje høyrt songane "Sauekjøt", "Raulandssongen" og "Asfaltcowboy"?

Om seg sjølv uttalar dei at dei er ein gjeng med jordnære "pøpp-skjønnur" frå Vest-Telemark som spelar real festmusikk, såkalla "Bygderock med telehiv". Det vil bli høg stemning og god plass til å ta seg ein svingom på dansegolvet. Inne i teltet er det både vêrgaranti og godt humør-garanti! 

Spar pengar, kjøp billett på nett

Du kan spare pengar med å kjøpe billettar på nett, men ver merksame på at nettsalet stenger laurdag 25. mai kl. 18.00. Etter det er det berre mogleg å kjøpe i porten. Vi minner om at det er 18-årsgrense på konserten.

KJØP BILLETT HER