Velkommen

Velkommen til Vårmarknaden 2019

tirsdag 26. februar 2019

Til Telemarks største amcar- og veterankøyretøy-utstilling!

På Vårmarknaden vil du finne fleire hundre amcar og veterankøyretøy, saman med eit stort bruktmarknad og auksjon. Marknaden er open for publikum fredag 24. mai kl. 12.00-19.00 og laurdag 25. mai kl. 09.00-19.00.


Vi ynskjer alle velkommen til vårens vakraste eventyr med ein stor utstilling av amcar, veteranbilar og veteran-nyttekøyretøy på Dyrskuplassen laurdag 25. mai.
Det blir bilparade og bedømming av bilane med fine premiar i mange klassar.
Kom og sjå på bilar du har drøymt om i mange år, eller berre har verkeleg lyst til å oppleve.

På bruktmarknaden kan du gjere eit kupp om du er på leit etter antikvitetar, delar til den gamle bilden din eller om du ser etter noko spesielt. På laurdags ettermiddag er det auksjon med mange fine «godbitar»
Sjansen er stor for at du kan finne det du ser etter på Vårmarknaden!

Vil du bo midt i smørauget? Det kan du, på vårt godt tilrettelagde campingområde. Her er det tilgang til straum og sanitæranlegg, og du bor inne på Dyrskuplassen. Bli kjent med likesinna camparar og nyt fine kveldar med grilling og selskapeleg samvær. Innsjekk på camping kan du gjere allereie frå fredags morgon.

Vi ynskjer velkomen til fine dagar på Noregs best utbygde marknadsplass! 


Det er konsert i teltet på Dyrskuplassen både fredag og laurdag kveld, med servering av mat og drikke. Christian Pallesen band spiller på fredag og sjølvaste E-76 på laurdag (18-årsgrense begge dagar).

Velkommen til Vårmarknaden 2019!