Velkommen til Vårmarknaden 2020

Velkommen til Vårmarknaden 2020

fredag 6. desember 2019

Vi ynskjer velkomen til Vårmarknad på Dyrskuplassen den 22.-23. mai.


Planlegg vårens vakraste eventyr allereie no, og hald av datoen for Vårmarknaden 2020!  


Vi vil få invitere deg til ei triveleg marknadshelg på Dyrskuplassen i Seljord. Årleg tek fleire tusen turen hit for å starte sommarens campingliv, gå på skattejakt blant utstillarane våre, sjå på bilutstilling og kose seg med både god mat og drikke. 

Det vil i tillegg vere moglegheit til å gå på både auksjon og konsert med Byting og Spinning Wheels Band (18-årsgrense) på laurdagskvelden.

Eller kva med å utforske alt det vakre Telemark har å by på? Vi hjelper deg gjerne med tips til kor du kan reise for å få med deg mest mogleg av det vakre fylket vårt.

Og du? I år opnar innsjekkinga for utstillarar og camping allereie på torsdag 21. mai (Kr. Himmelfartsdag).


Velkomen til Vårmarknad på Dyrskuplassen 2020!