Vellykka Vårmarknad

Handelen går livleg på Vårmarknaden 2019

tirsdag 28. mai 2019

Vårens vakraste eventyr er over.

Etter ei helg fylt med biler, handel av gamle skattar og gode matopplevingar, seier arrangørane seg godt nøgde med arrangementet. Totalt har det vore 5200 gjester på Dyrskuplassen og 230 bilar på bilutstilling.

Utstillarane hadde eit stort utval av både klenodium, gamle motordelar, handverk og kostbare antikvitetar. Ein del av gjenstandane vart selt på auksjon laurdag ettermiddag, der Halvor Jacob Skogli var auksjonarius. Med høg stemning og mange tilskodarar var det stor underhaldning å sjå når det eine utropet etter det andre vart klubba.

Bilutstillinga var eit samarbeid med Vest-Telemark Motorhistoriske Klubb og Eagle Car Club frå Bø. Saman har dei marknadsført bilutstillinga godt i forkant av marknaden, og 230 flotte bilar var til stades på Dyrskuplassen denne helga. Medlemmer frå dei to klubbene utgjorde ein jury som premiera dei 10 beste bilane, i tillegg vart det kåra ein vinnar av «Peoples choice» som vart stemt fram av publikum. Vinnaren av denne var Frøydis Fosstveit frå Bø som vann med sin Pontiac GTO 1969-modell.

Nytt av året var kveldsunderhaldning begge kveldane under marknaden. Fredag spela bøheringen Christian Pallesen med band, og laurdag var det konsert for 650 personar med det Vest-Telemark basera bandet E-76.

Du kan sjå mange bilde frå Vårmarknaden på vår facebookside.