Coronavirus

Coronavirus og Dyrsku'n

torsdag 12. mars 2020

Oppdatering kring coronaviruset og Vårmarknaden.

Vi som arrangørar fylgjer nøye med på oppdateringar rundt corona-viruset og gjer løpande vurderingar tilknytt gjennomføring av Vårmarknaden. 

Vurderingar blir gjort i samråd med kommuneoverlege og blir basert på anbefalingar frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet. Informasjon blir lagt ut fortløpande på Facebook og på våre nettsider. 

Vi har mange som ynskjer å besøke oss på Vårmarknaden, og vi håpar i det lengste arrangementet vil gå som planlagt. 


Følg Folkehelseinstituttet eller Helsedirektoratet for siste oppdateringar.