Vårmarknad 2021

Vårmarknad 28.-29. mai 2021

tirsdag 17. november 2020

Vi lever i usikre tider, men vårt mål er å kunne ynskje velkommen til Vårmarknad i Seljord 28.-29.mai!

Den store og godt utbygde Dyrskuplassen skal vere ein trygg og tilrettelagt møteplass for alle som ynskjer å besøke oss.

Vi planlegg for ein Vårmarknad med skattar innan brukt og antikk, bilutstillingar og aktivitetar.

Som alltid er det gode campingfasilitetar på Dyrskuplassen i Seljord! Det skal sjølvsagt vere trygt å besøke våre arrangement, så parallelt med planlegging av innhaldet for Vårmarknaden 2021, jobbar vi med tiltak for at alle skal føle seg godt ivaretatt ved besøk hos oss.

Vi håpar å sjå dykk i Seljord i mai, og vi legg ut nærare informasjon så snart vi veit meir!

Alt vil bli bra 😊