Årets Vårmarknad på Dyrskuplassen avlyst

Vårmarknaden 2021 i Seljord er dessverre avlyst

tirsdag 13. april 2021

På bakgrunn av gjeldande smittesituasjon og tilhøyrande retningsliner ser ikkje Dyrsku'n Arrangement nokon moglegheit til å gjennomføre den årlege Vårmarknaden 28. og 29. mai.

«Vi har håpa i det lengste, men slik situasjonen ser ut no ser vi ingen moglegheit til å arrangere Vårmarknaden. Vi har mottatt mange spørsmål frå både gjester og utstillarar og det er med tungt hjarte vi må gi denne beskjeden til dei mange som lengtar tilbake til Dyrskuplassen. Vi har stort håp og tru om at situasjonen betrar seg fram mot sommar og haust, slik at vi endeleg kan ynskje våre mange gjester velkomne tilbake til Dyrskuplassen», seier dagleg leiar i Dyrsku’n Arrangement, Geir Helge Espedalen. 

Vi jobbar no med ei rekke smitteverntiltak for Dyrsku’n i september, bl.a. vil det i år berre bli mogleg å førehandskjøpe billettar på nett, noko vi lovar å annonsere breitt i forkant av billettslepp. Elles er vi svært glade for å registrere at våre mange utstillarar ynskjer seg tilbake til Dyrsku’n og allereie no har vi venteliste på plassar.   

Når det gjeld Seljordfestivalen og Countryfestivalen i juli er innhald under planlegging, og vi er klare for å levere topp festivalar så snart situasjonen og gjeldande retningslinjer skulle tillate det. For sommarens arrangement har kulturdepartementet lova ei melding innan medio mai og vi vil kunngjere konsekvensen dette har for våre arrangement så snart vi veit meir, seier festivalleiar Yvonne Eilefstjønn.

Vårmarknaden er ein bruktmarknad som har blitt arrangert på Dyrskuplassen i mai kvart år og samlar kring 5000 besøkande. Ein stor og aukande del av dei tilreisande campar under marknaden, som både har auksjonar, underhaldning og servering.